Fotball-EM 1988
Europameisterskapen i fotball 1988 var den åttande europameisterskapen i fotball for menn. Meisterskapen vart avvikla i Vest-Tyskland i tida 10. til 25. juni 1988. Nederland vann meisterskapen etter finalesiger 2-0 over Sovjetunionen på Olympiastadion i München. Dei 15 kampane vart fordelt på åtte byar; München, Stuttgart, Frankfurt am Main, Köln, Düsseldorf, Gelsenkirchen, Hannover og Hamburg.
Omframt vertsnasjonen, som fekk friplass, hadde Danmark, England, Irland, Italia, Nederland, Sovjetunionen og Spania kvalifisert seg til sluttspelet. 32 land deltok i kvalifiseringa, fordelt på sju grupper, som gjekk av stabelen i tida frå september 1986 til desember 1987.
Dei åtte deltakarlanda i sluttspelet var fordelt i to like store grupper. Vinnarane i gruppene møtte så toarane i dei motsvarande gruppene til semifinalar. Semifinalevinnarane gjekk deretter til finale. Bronsefinale vart ikkje spelt.
I den fyrste semifinalen møttest gruppevinnar Vest-Tyskland og Nederland, ein kamp der Marco van Basten vart matchvinnar då han la på til 2-1 for Nederland i det 88. minutt. Dagen etter vann den andre gruppevinnaren, Sovjetunionen, 2-0 over Italia.
Marco van Basten vart toppskårar i meisterskapen med fem mål.
Gruppespelet
endreGruppe 1
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Tyskland | 3 | 2 | 1 | 0 | 5 –2 | 3 | 5 |
2 | Italia | 3 | 2 | 1 | 0 | 4 –2 | 2 | 5 |
3 | Spania | 3 | 1 | 0 | 2 | 3 –5 | −2 | 2 |
4 | Danmark | 3 | 0 | 0 | 3 | 2 –7 | −5 | 0 |
Gruppe 2
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Sovjetunionen | 3 | 2 | 1 | 0 | 5 –2 | 3 | 5 |
2 | Nederland | 3 | 2 | 0 | 1 | 4 –2 | 2 | 4 |
3 | Irland | 3 | 1 | 1 | 1 | 2 –2 | 0 | 3 ¨ |
4 | England | 3 | 0 | 0 | 3 | 2 –7 | −5 | 0 |
Finalen
endreFinalemotstandarane hadde møtst i gruppespelet, ein kamp Sovjetunionen vann 1-0. Finalen på Olympiastadion i München den 25. juni, med 72 308 til stades på tribunane, enda derimot med at Nederland vann 2-0 og tok landslagets fyrste internasjonale triumf. Lagkaptein Ruud Gullit gav nederlendarane leiinga i det 32. minutt, og Marco van Basten avgjorde kampen åtte minuttar ut i andre omgang på eit nær legendarisk volleymål.
Nederland sitt meisterlag bestod av Hans van Breukelen, Berry van Aerle, Frank Rijkaard, Ronald Koeman, Adri van Tiggelen, Gerald Vanenburg, Jan Wouters, Arnold Mühren, Erwin Koeman, Marco van Basten og Ruud Gullit.
Sovjetunionen mønstra Rinat Dasajev (kaptein), Anatolij Demjanenko, Sergej Alejnikov, Vagiz Khidijatulin, Vasilij Rats, Hennadij Litovsjenko, Aleksandr Zavarov, Aleksej Mikhailitsjenko, Sergej Gotsmanov, Igor Belanov og Oleh Protasov. Midtvegs i den andre omgangen vart fyrst Gotsmanov og straks etter Protasov bytta ut, inn kom høvesvis Sergej Baltasja og Viktor Pasulko. }
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fußball-Europameisterschaft 1988» frå Wikipedia på tysk, den 28. juli 2015.