Lars Olsson Godøy
norsk politikar
Lars Olsson Godøy (1775–10. september 1818) var ein norsk gardbrukar, los og stortingsmann frå Giske.
Lars Olsson Godøy | |||
Fødd | 1775 Vigra | ||
---|---|---|---|
Død | 10. september 1818 (42 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, los | ||
Alle verv |
|
Godøy var son av ein gardbrukar i Røsvik på Vigra, i dagens Giske. År 1806 kjøpte han bruket Strandklaua på garden Godøy på Godøya i Giske. Han gifta seg med ei dotter til føremannen på bruket, og dreiv det sidan.
I 1814 var Godøy 4. representant frå Romsdals amt på det overordentlege Stortinget. Han var medlem av den 25 mann sterke deputasjonen som 10. oktober 1814 møtte Kristian Fredrik på Bygdøy, for å take mot kongens erklæring om abdikasjon.
Godøy og fem andre losar omkom hausten 1818 på heimferd frå Trondheim.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Øvrelid, Ragnar:Borgund og Giske, band III. 1964
- Biografisk informasjon om Lars Olsson Godøy NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv