Lars Oskar Hauge
Lars Oskar Hauge (fødd 17. november 1998) er ein norsk sjakkspelar, Stormeister i sjakk.
Lars Oskar Hauge | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. november 1998 (25 år) |
Idrett | sjakk |
Tok del i | Sjakkolympiaden 2014 |
Internasjonal Meister i sjakk
endreLars Oskar Hauge tok sitt første IM-napp i ei turnering i Sitges, Spania i juli 2013 med 6 poeng på 9 rundar, eit heilt poeng over IM-kravet. Han tok deretter eit IM-napp i eliteklassa i Noregsmeisterskapen i sjakk i Trondheim i juli 2014, med 5 poeng på 9 rundar. Det tredje IM-nappet kom i EM for klubblag i september 2014, men dette var berre på 7 parti, og var dermed ikkje nok.[1] Det siste avgjerande IM-nappet kom deretter i ei turnering på Gibraltar i månadsskiftet januar-februar 2016, med 5 poeng på 10 rundar. Han hadde dermed oppfylt kravet om IM-resultat i turneringar med til saman minst 27 parti. Rating-kravet, kravet til eigen rating over 2400 oppfylte han allereie pr. 1. juli 2015 med 2411.[2] Han vart deretter utnemnd til IM av Verdssjakkforbundet på FIDE Presidental Board i Moskva 28-29. mars 2016.[3]
Stormeister i sjakk
endreLars Oskar Hauge tok sitt tredje og avgjerande napp i stormeister-tittelen i EM i sjakk for landslag i Slovenia i november 2021, med 5,5 poeng på 9 rundar mot sterk motstand.[4][5] Dei to første nappa i tittelen klarte han også i lagturneringar: Den norske eliteserien 2018-2019[6] og Allsvenskan 2019-2020[7].[8] Kravet om eigen rating på over 2500 hadde han både klart tidlegare, og også no som følge av dette sterke resultatet.[9] Lars Oskar Hauge vart utnemnd til Noregs 17. stormeister i sjakk av verdssjakkforbundet FIDE på General Assembly 28. desember 2021.[10]
Bakgrunnsstoff
endreFotnotar
endre- ↑ Resultatet i EM for klubblag i september 2014
- ↑ Søknaden om IM-tittel for Lars Oskar Hauge frå Norges Sjakkforbund
- ↑ Tittelgodkjenningar FIDE Presidental Board 28-29.mars 2016
- ↑ http://chess-results.com/tnr583987.aspx?lan=1&art=20&turdet=YES&flag=30&snr=24
- ↑ Certificate of title result
- ↑ Certificate of title result
- ↑ Certificate of title result
- ↑ https://bergensjakk.no/2021/11/22/em-for-landslag-2021-9-runde/
- ↑ Søknaden om stormeister-tittel for Lars Oskar Hauge frå Norges Sjakkforbund.
- ↑ Godkjenninga framgår av "decisions" nedst på spelarkortet.