Lasse Ellingsen (9. oktober 182527. juni 1905) var ein norsk lærar, lensmann og lokalpolitikar frå Grinde ved Eidsfjorden i Gulen. Ellingsen var ein av dei som fekk lærarutdanning av prost Niels Griis Alstrup Dahl i prestegarden i Eivindvik. Som syttenåring vart Ellingsen lærar i heimbygda ved Eidsfjorden. I 1850 vart han så lærar i Brekke, og han bygde eit nytt skulehus på Nedre Haugland i 1852 for eigne middel. Han busette seg etter kvart på Haugland i Brekke.

Lasse Ellingsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. oktober 1825
Gulen kommune
Død

27. juni 1905 (79 år)

Yrke politikar
Språk norsk

Frå 1862 - 1873 var Ellingsen ordførar i Lavik og Brekke kommune. Deretter, frå 1873, hadde Ellingsen stillinga som lensmann i kommunen, ei stilling han heldt på til han døydde i 1905. I fleire periodar var han varamann til Stortinget: 1862-1863, 1865-1866, 1868-1869 og 1871-1873. I åra 1874-1876 og 1877-1879 var han fast stortingsrepresentant.

I 1886 kjøpte Ellingsen opp det gamle sorenskrivarsetet og handelsstaden Lovisendal frå eit konkursbu. Etter dette dreiv Ellingsen-slekta handel og skipsekspedisjon i Brekke.

Kjelder endre