Opna hovudmenyen

Lasse Sætre (fødd 10. mars 1974) i Oslo) er ein norsk skøyteløpar. Sætre voks opp i Nord-Odal og går for Sand IF.

Lasse Sætre
Lasse sætre 2006.jpg
Fødd 10. mars 1974
Oslo
Yrke skøyteløpar
Lasse Sætre på Commons

Lasse Sætre er ein utprega langdistanseløpar med 10 000 meter som spesialdistanse. Under OL 2002 i Salt Lake City fekk han bronse på 10 000 meter, etter nederlendarane Jochem Uytdehaage og Gianni Romme. Året etter fekk han bronse på den same distansen under VM enkeltdistansar, og i desember 2005 vart han første nordmann til å gå 10 000 meter under 13 minutt.

Han vart noregsmeister på skøyter i 1998, og har 5 NM-titlar på 5000 og 10 000 m.

BakgrunnsstoffEndra