Latinske namn på helgedagar

Latinske namn for helgedagar har vorte nytta i den norske kyrkja frå mellomalderen. Frå 1700-talet vart det vanleg å bruke danske, og seinare norske, namn for helgedagane, men latinnamna har vore bruka heilt fram mot vår tid for nokre av dagane, som m.a. Septuagesima og Sexagesima .

Kyrkjeåret byrjar med Dominica I Adventus, dvs. Fyrste sundag i advent, og avsluttast med siste sundag i kyrkjeåret, som kan vere Dominica XXVII Post Trinitatis om påska fell tidleg.

Dominica (ofte forkorta «Dom.») = Sundag

Dominica I Adventus = Fyrste sundag i advent
Dominica II Adventus = Andre sundag i advent
Dominica III Adventus = Tredje sundag i advent
Dominica IV Adventus = Fjerde sundag i advent
Festum Nativitatis Domini eller Festo Nativitatis Christi= Fyrste juledag
Festum Sti. Stephani = Andre juledag
Festum Sti. Johannis Evangelistæ = Tredje juledag
Dominica inter Nativit. ex Circumcis = Sundag mellom jul og nyår
Festum Novi Anni, Festum Circumcisionis Domini = Nyårsdag
Dominica I post Circumcis = Fyrste sundag på nyåret, når denne fell 2. – 5. januar
Epiphania Domini, Festo Gloriosæ Apparit. Christi = Heilage tre kongar, epifanium, sjette januar
Dominica I post Epiphaniam = Fyrste sundag etter Heilage tre kongar
Dominica II post Epiphaniam = Andre sundag etter Heilage tre kongar
Dominica III post Epiphaniam = Tredje sundag etter Heilage tre kongar
Missa candelarum, Festum purificatio = Kyndelsmesse (2. februar)
Dominica IV post Epiphaniam = Fjerde sundag etter Heilage tre kongar
Dominica V Post Epiphaniam = Fyrste til sjette sundag etter Heilage tre kongar
Dominica VI post Epiphaniam = Fyrste til sjette sundag etter Heilage tre kongar
Septuagesima = Andre sundag før fastelavn
Sexagesima = Sundag før fastelavn
Quinquagesima eller Esto mihi = Fastelavnssundag
Quadragesima eller Invocavit = Fasta, fyrste sundag i fasta
Reminiscere = Andre sundag i fasta
Oculi = Tredje sundag i fasta
Lætare = Midtfaste, fjerde sundag i fasta
Judica = Femte sundag i fasta
Mariæ annuntiatio = Maria bodkapsdag, til 1701: 25. mars el. laur. før palmesøndag, 1701-1977 på 5. søn i fasta
Palmarum Dominica = Palmesundag
Dies Coenæ domini, Dies Viridium = Skjærtorsdag
Dies Parasceves = Langfredag
Pascha, Festum Resurrectionis Domini = Fyrste påskedag
Quasi modo geniti = Fyrste sundag etter påske
Misericordia Domini = Andre sundag etter påske
Jubilate = Tredje sundag etter påske
Cantate = Fjerde sundag etter påske
Rogate = Femte sundag etter påske
Festum Ascensionis Domini, Ascensio Christi = Sjette torsdag etter påske, Helgetorsdag eller Kristi himmelfartsdag
Exaudi = Sjette sundag etter påske
Pentecoste = Sjuande sundag etter påske, fyrste pinsedag, Kvitsun
Trinitatis Dominica, Festum Sanctissimæ Trinitatis = Treeinings sundag
Dominica I post Trinitatis = Fyrste sundag etter treeining - dvs. andre sundag etter pinse
Dominica II - XXVII Post Trinitatis = Andre til tjuesjuande sundag etter treeining, dvs. tredje til tjueåttande sundag etter pinse

Faste helgedagar i treeiningstida

endre

Dagane var faste helgedagar til festdagsreduksjonen i 1770
Festum nativitatis St. Johannis Baptistæ = Jonsok, 24. juni
Mariæ visitatio = Maria besøksdag, 2. juli
Festum archangeli Michaelis = Mikkelsmesse, 29. september
Festum Omnium sanctorum = Allehelgensdag, 1. november

Andre messedagar

endre

Inventio crucis, Krossmesse om våren, 3. mai
Exaltatio crucis, Krossmesse om hausten, 14. september

Bakgrunnsstoff:

endre

Kjelder

endre