Opna hovudmenyen

Lauffen am Neckar-ulukka fann stad 20. juni 1959 i Lauffen am Neckar i Vest-Tyskland då ein buss kolliderte med eit ekspresstog på ein planovergang og 45 personar omkom. På den tida var det den verste bussulukka sidan den andre verdskrigen.

Lauffen am Neckar-ulukka
Lauffen am Neckar Busunglück 1959 Gedenkstein 20081229.jpg
Dato 20. juni 1959
Ulukkesstad Planovergang nr. 47 i Lauffen am Neckar i Baden-Württemberg i Vest-Tyskland (no Tyskland)
Omkomne 45

Bussen, som berre var godkjend for å ha 52 passasjerar, hadde 72 passasjerar denne dagen. 37 personar, inkludert bussjåføren, døyde i kollisjonen eller neste dag. Åtta andre døyde dei neste vekene. 25 andre passasjerar i bussen overlevde, men vart alvorleg skada.

KjelderEndra

  Denne transportartikkelen som har med Tyskland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.