Inger Laurina «Laura» Gjerløw (2. september 186220. juli 1948) var ein norsk redaktør og forfattar.[1]

Laura Gjerløw
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. september 1862
Heddal
Død

20. juli 1948 (85 år)
Oslo

Yrke skribent, redaktør
Ektefelle Ragnvald Gjerløw

Familie endre

Laura Gjerløw var dotter av sokneprest og ordførar Boye Joachim Flood av slekta Flood og kona hans Inger Laurine Wright.[2] Ho vart gift i 1885 med sokneprest Ragnvald Gjerløw (1853-1936) av slekta Gjerløw.

Liv og virke endre

Laura Gjerløw var i 1910-1924 redaktør for det månadlege Missionslæsning for kvindeforeninger[3] (som utkom som følgjeblad til Norsk Missionstidende), ei stilling ho overtok etter Bolette Gjerast bortgang.[4] I 1922 gav ho ut den vesle boka Henriette Gislesen, som handlar ein av dei fremste kvinnelege religiøse forfattarar i Noreg, etter oppfordring frå det norsk-amerikanske bladet Familiens Magazin.[5]

Gjerløw skreiv fleire forteljingar til ein serie samlingar for barn og unge kalla Lyngblomster.[6]

Bibliografi endre

  • 1922: Henriette Gislesen, Misjonsselskapet, Stavanger
  • 1910-1924: Missionslæsning for kvindeforeninger, følgeblad til Norsk Missionstidende (redaktør)

Kjelder endre

  1. Stavanger Aftenblad 1948.07.22. 1948. 
  2. Folketelling 1865 for 0727P Hedrum prestegjeld: Bosted land: 0003 Hedrums præstegaard
  3. Studentene fra 1876. 1926. s. 45. 
  4. Dons, Henny (1925). kristne kvinne og hedningemisjonen. Lutherstiftelsen. s. 28. 
  5. Gjerløw, Laura (1922). Henriette Jakobine Martine Gislesen, f. Mibe. Det Norske Missionsselskaps trykkeri. 
  6. Lyngblomster. Lutherstiftelsen. 1908. 

Litteratur endre