Lauvøyfjorden i Sør-Trøndelag

fjord i Åfjord og Ørland

63°54′29.138″N 9°53′23.118″E / 63.90809389°N 9.88975500°E / 63.90809389; 9.88975500

Lysøysund på sørsida av Lauvøyfjorden

Lauvøyfjorden er ein fjord i Ørland kommune og Åfjord kommune i Trøndelag fylke. Fjorden strekkjer seg 6 kilometer austover til innløpet til Åfjorden.

Fjorden har innløp mellom Lysøya i sør og Lyngøyskjera i nord. Lauvøya, som fjorden er kalla opp etter, ligg på nordsida av fjorden og har vegsamband via ei 850 meter lang vegfylling til Førsholman og vidare til fastlandet. Tettstaden Lysøysund ligg på sørsida av fjorden.