Lauvøyfjorden på Nordmøre
Lauvøyfjorden er ein fjord langs kommunegrensa mellom Hustadvika og Averøy på Nordmøre. Fjorden ligg på vestsida av Averøya strekkjer seg 4,5 km sørover og held fram som Kornstadfjorden på sørvestsida av øya.
Atlanterhavsvegen markerer innløpet til fjorden i nord. Dette vegstykket langs riksveg 64 er ein kjend turistattraksjon med fleire bruer som kryssar dei mange holmane og skjera i fjorden, heilt ytst i havgapet.
Kårvåg ligg ved den austlege enden av Atlanterhavsvegen og i vest ligg Vevang. Ved Tevikholmen i sør går fjorden over i Kornstadfjorden som held fram søraustover.