Atlanterhavsvegen
63°01′07″N 7°21′51″E / 63.018611°N 7.364167°E
Atlanterhavsvegen | |||
| |||
Atlanterhavsvegen 63°01′00″N 7°21′16″E / 63.0167°N 7.3545°E |
---|
Atlanterhavsvegen er eit vegstykke på riksveg 64 på Nordmøre i Møre og Romsdal. Vegen er 8274 meter lang og går frå Vevang i Eide til Kårvåg i Averøy og avløyste 7. juli 1989 ferjesambandet mellom Ørjavik og Tøvik i dei to kommunene. Anlegget består blant anna av åtte bruer på til saman 891 meter og går over ein heil del holmar og skjer. Vegen kosta 122 millionar 1989-kroner og var delvis bompengefinansiert. Bommen blei fjerna i juni 1999.
Traseen vegen følgjer blei opphavleg planlagt for jernbane tidleg på 1900-talet, men den ideen blei skrinlagd for godt i 1935. Planlegging av vegstrekninga kom i gang på 1970-talet. Bygginga starta 1. august 1983.
Atlanterhavsvegen er landets åttande best besøkte naturbaserte turistattraksjon (2004) med 283 500 besøkande. Vegstrekninga er foreslått til nasjonal turistveg.
Århundrets byggverk i Noreg
endreI september 2005 blei Atlanterhavsvegen kåra til Århundrets byggverk 1905–2005.
Bruer på Atlanterhavsvegen frå vest mot aust
endre- Vevangstraumen bru, 119 meter – seglingshøgd 10 meter
- Hulvågen bruer, 3 bruer på til saman 239 meter – seglingshøgd 4 meter
- Storseisundet bru, 260 meter – seglingshøgd 23 meter
- Geitøysundet bru, 52 meter – seglingshøgd 6 meter
- Store Lauvøysund bru, 52 meter – seglingshøgd 3 meter
- Lille Lauvøysund bru, 115 meter – seglingshøgd 7 meter
Bakgrunnsstoff
endre- Atlanterhavsvegen i fjordnorway.com
- http://atlanterhavsveien.net Arkivert 2006-06-22 ved Wayback Machine.
- Atlanterhavsveien Sjøstuer