Layla i Saudi-Arabia

Layla (arabisk لیلى) er ein by sentralt i Saudi-Arabia. Han er hovudbyen i Al-Aflaj-oasen i Riyadh-regionen, kring 330 km sør for hovudstaden, Riyadh. Ein trur at byen er kalla opp etter Layla av Bani 'Amir, ei kvinne frå 600-talet frå den lokale stamma Bani 'Amir, som vart udøydeleggjort i diktet av kjærasten Qays ibn Al-Mulawwah. Romansen mellom Qays og Layla er kanskje den mest kjende i arabisk litteratur, og vart omtalt av den persiske diktaren Nizami i Layla wal Majnun («Layla og galningen»). Fleire stammer har styrt byen over to tusen år, mellom anna Kaab ibn 'Amir, så 'Uqayl ibn 'Amir. Folketalet i byen og dei omliggande landsbyane og grendene er nesten 76 000, hovudsakleg beduinar frå Dawasir-stamma. Layla ligg ved sidan av ein innsjø med same namn.

Layla
by
Aflaj General Hospital.JPG
Aflaj sjukehus
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Koordinatar 22°17′N 46°44′E

Layla i Saudi-Arabia
22°16′60″ N 46°43′60″ E
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg

KjelderEndra