Le Mali
«Le Mali» er nasjonalsongen til Mali.[1] Han blei teken i bruk 9. august 1962. Seydou Badian Kouyaté skreiv teksten og Banzumana Sissoko melodien.
Andre titlar på songen er «Pour l'Afrique et pour toi, Mali» eller «Afiriki ye ani e ye, Mali», som tyder 'For Afrika og for deg, Mali', og «A ton appel Mali», 'På ditt kall, Mali'. Musikken er ein tradisjonell militærmarsj i europeisk stil.[2]
Kjelder
endre- ↑ Central Intelligence Agency (24. november 2015). The CIA World Factbook 2016. Skyhorse Publishing Company, Incorporated. s. 3144. ISBN 9781510700895.
- ↑ Exchange, Score. «Mali National Anthem "Pour l'Afrique et pour toi, Mali - Le Mali for Brass Quintet». Score Exchange (på engelsk). Henta 25. mai 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Le Mali» frå Wikipedia på engelsk, den 19. april 2021.
Bakgrunnsstoff
endre
Teksten til Le Mali ved Wikisource (fr). |