Republique du Mali

(norsk: Mali, malisk)

Det maliske flagget Det maliske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Le Mali»
Motto Fransk: Un peuple, un but, une foi
(eit folk, eit mål, ei tru)
Geografisk plassering av Mali
Offisielle språk Fransk
Hovudstad Bamako
Styresett
Republikk
Assimi Goïta (fungerande)
Choguel Kokalla Maïga (fungerande)
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 240 192 km² (23.)
1,6 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
17 885 245 (65.)
14,4 /km² (177.)
Sjølvstende
frå Frankrike
20. juni 1960
Nasjonaldag 22. september
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
29 150 mill. USD (125.)
2 000 USD (176.)
Valuta CFA-franc
Tidssone UTC
Telefonkode +223
Toppnivådomene .ml


Mali er ein stat i Vest-Afrika som har grenser til Algerie i nord, Niger i aust, Burkina Faso og Elfenbeinskysten i sør, Guinea i sørvest og Senegal og Mauritania i vest. Landet har inga kystline, men dekkjer i staden delar av Sahara i nord. Ein finn to store elvar, Niger og Senegal, og dei fleste innbyggjarane av landet i sør. Landet, som tidlegare var kalla Fransk Sudan, tok namnet sitt etter Maliriket.

Geografi endre

 
Kart over Mali
 
Landskap frå Kayes i det vestlege Mali.
 
Nigerelva sett ved Koulikoro.
 
Marknaden i Djenne i regionen Moptii, med den store moskeen i bakgrunnen.
 
Ein landsby i Bandiagara-brekka i regionen Mopti.
 
Sankore-moskeen i Timbuktu.
 
Frå Kidal i det austlege Mali.

Landet er stort sett flatt, med savanne rundt elva Niger i sør og sanddekte sletter i nord. I nordaust ligg Air Massif og Djado Plateau. Størsteparten av landet ligg i Sahara, som kan gje landet ei støvete skodde i den tørre årstida og somme tider streng tørke.

Det finst mange naturressursar i Mali, og gull, uran, fosfat, kaolin, salt og kalkstein er dei mest utvunne.

Klima endre

Det meste av Mali har eit savanneklima, der den intertropiske konvergenssona fører til regntid i dei sørlege områda av landet. Dei nordlege områda ligg utanfor nedslagsfeltet til nedbøren, og har eit meir ørkenprega landskap. Monsunen byrjar sakte å gjere seg gjeldande utpå våren i Sahelområdet, og gjev litt forfriskande regn i den elles trykkande varmen. Maksimumstemperaturen nærmar seg ofte 40 °C på denne tida. Dei nordlege områda er mindre fuktig, men varmen er minst like steikande.

Midt på sommaren har det intertropiske regnbeltet flytta seg nord til om lag 20ºN. I juli og august ved ei breiddegrad på om lag 13ºN, som er dei sørlege områda av Mali, er forholda meir tropiske med regn nesten kvar dag og litt lågare temperaturar. Bamako har ein årleg nedbørsnormal på 1120 mm. Beltet frå 13º til 20ºN er framleis steikande varmt, men har nok fukt til at ein kan få ettermiddagsbyer og torevêr. Ein god sommar kan det kome totalt 150 mm, medan det andre år kan kome så godt som ingenting. Dette skjedde både på 1970- og 1980-talet då Sahelområdet vart råka av fleire alvorlege tørkeepisodar.

Det meste av regnet i Sahel kjem frå aust i samband med byger og bygelinjer. Bygelinjene oppstår ofte når austvinden frå fjella i Tsjad blandar seg med den sørvestlege vinden sør for den intertropiske konvergenssona. Desse bygene fører med seg kraftig vind og kraftig regn, som ikkje varer særleg lenge, men som virkar oppfriskande og kjøler ned landskapet. Regntida endar raskt rundt Sahel, og desember og januar kan ha ganske så behageleg klima med varme dagar, kjølige netter og mykje sol. Om vinteren kan derimot ein nordaustleg vind, kalla harmattan, blese opp i 15 m/s (stiv kuling), og føre med seg ein god del støv som gjev dårleg sikt.

Historie endre

Fra ca. 500 til 1600 fanst det i det noverande Mali-området tre vestafrikanske rike som følgde kvarandre og kontrollerte den transsahariske handelen av gull, salt, slavar og andre verdifulle varer. Det fyrste av desse rika var Ghanariket, som var dominert av soninkefolk som snakka mande. Riket utvida seg gjennom Vest-Afrika frå 700-talrt til 1078, då det blei erobra av almoravidane.[1]

Maliriket blei danna i den øvre delen av Nigerelva kring 1250. Den legendariske helten Sundjata er rekna som grunnleggjaren, og riket nådde høgdepunkte sitt på 1300-talet.[2] Under Maliriket ble byane Djenné og Timbuktu senter for både handel og muslimsk tenking.[2] Islam kom til landet med muslimske kjøpmenn som drog gjennom Sahara frå meir nordlege strøk. Landet er rekna som fullt islamisert før år 1300. Etter Maliriket voks Songhairiket fram.

Sudanrepublikken fekk saman med Senegal sjølvstende frå Frankrike den 20. juni 1960, og gjekk saman i Maliføderasjonen. Senegal trekte seg ut etter berre nokre månader, og Sudanrepublikken skifta namn til republikken Mali 22. september.

Presidentar:

Samfunn endre

Språk endre

Det offisielle språket i Mali er fransk. Desse språka har status som nasjonalspråk: bambara (bamanankan), bomu, tiéyaxo-bozo, toro-so-dogon, maasina-fulfulde, hassaniyya-arabisk, mamara-senufo, kita-malinké, soninke, koyraboro-senni-songhay, syenara-senufo, tamasheq og xxaasongaxango. Mali har til saman 57 språk.[3]

Regionar endre

Mali er inndelt i åtte administrative regionar pluss eitt distrikt, Bamako; jamfør lista nedanfor. Regionane og distrikta har namn etter den viktigaste byen.

 

Dei tre nordlege distrikta, Gao, Kayes og Kidal, har to tredelar av flateinnhaldet, men berre 10% av folketalet. Mali har til saman 703 kommunar.

Fotnotar endre

  1. Mali country profile. Library of Congress Federal Research Division (januar 2005). Besøkt 9. september 2011.
  2. 2,0 2,1 Mali country profile, s. 2.
  3. Jf. artikkelen om Mali i Ethnologue.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Mali