Lee-Enfield-rifle

Lee-Enfield var den britiske hæren si standardrifle frå 1895 til 1956, i ulike variantar. Ho vart òg teken inn av dei britiske koloniane og samveldelanda, blant dei India, Australia, New Zealand og Canada. Dette repetisjonsgeværet har bolt-sluttstykke, magasin som vart ladd ovanfrå og kapasitet på 10 skot. Det vanlegaste kaliberet var kaliber .303 British.

Lee-Enfield versjon Mk III‎

Sjølv om dette geværet offisielt vart erstatta i Storbritannia av det såkalla L1A1 SLR i 1956, blir Lee-Enfield framleis bruka som tenestevåpen i fleire samveldeland til i dag. Totalproduksjonen er rekna til over 17 millionar, noko som gjer denne rifla til ei av dei mest produserte boltrifler i historia, berre slått av russiske Mosin-Nagant M91/30 og kanskje tyske Mauser M98, litt etter korleis ein reknar.

Kjelde: Engelskspråkleg wikipedia, art. Lee-Enfield.