Legolas
Legolas er ein fiktiv figur i J.R.R. Tolkien sitt meisterverk Ringdrotten. Han er prins av Myrkskog og son til alvekongen Thranduil (alvekongen som tok Bilbo sine vener til fange i Hobbiten), etterkomarane av den kongelege ættelinja etter sindarin-alvane. Legolas blir rekna som ein ung alv, men alderen hans er ukjent. Han blir presentert for lesarane i den fyrste delen av Ringdrotten, Ringens Brorlag, ved rådsmøtet i Kløvendal, der han kjem som ein bodberar sendt av far sin for å diskutere at Gollum har rømt. Elrond vel Legolas ut til å vere ein av dei ni medlemmane av Brorlaget som drar ut for å øydeleggja ringen.
I brorlaget blir Legolas kjend med Gimli, son av Glóin. Ein slik venskap strid imot den eldgamle krigen mellom alvane og dvergane. Dei blir gode vener fyrst etter at Gimli helsar Galadriel i Lothlórien med vakre ord. I Slaget om Helmsdjupet konkurrerer Legolas og Gimli om å drepe flest orkar. Gimli vinn med éin, men det reelle resultatet er gjensidig respekt. Gjennom sine ferder saman med Gimli blir dei to svært gode vener.
Etter at ringen har vorte øydelagd og Sauron sitt fall, drar dei to på fotreise gjennom Fangorn-skogen. Legolas tek også med seg nokre frå folket sitt og reiser til Ithilien med løyve frå Thranduil. Han vil leve resten av sitt liv i Midgard for å hjelpe til med å byggje opp igjen dei øydelagde skogane i det krigsherja landet. Etter kong Elessars bortgang forlèt Legolas Midgard for å dra over sjøen – og Gimli blir med, av venskap med Legolas og sakn etter Galadriel. I filmatiseringa til Peter Jackson blir Legolas spelt av Orlando Bloom, både i trilogien om Ringdrotten og Hobbiten.
Kjelder
endre- Denne artikkelen er basert på Legolas på bokmålswikipedia.
- Ringdrotten av J.R.R. Tolkien.