Leica blir av dei fleste assosiert med fotoapparat produsert av eit tysk firma med same namn. Firmaet som tidlegare heitte Ernst Leitz Gmbh, er nå delt i tre firma: Leica Camera AG som produserer fotografiapparat, Leica Geosystems AG som produserer utstyr for geologiske undersøkingar, og Leica Microsystems AG som produserer mikroskop. Leica Microsystems AG er eigaren av varemerket Leica og deler ut lisensar til Leica Camera AG og Leica Geosystems.

Historia om Leica endre

 
Leica I, 1927, 1:3,5
 
Leica I, 1925, 1:3,5
 
M Serien

Leica produserte det fyrste praktiske 35 mm-kameraet. Den fyrste prototypen vart bygd av Oscar Barnack hos E. Leitz Optiche Werke i Wetzlar, i 1913. Barnack brukte standard 35 mm kinofilm, men utvida størrelsen av biletet til 24 x 36 mm. Barnack syntes at forholdet 2:3 mellom høgd og breidd var best. Dette gav rom for 36 bilete på kvar film.

Barnacks slagord «Små negativ — store bilete» skulle snart endre fotografiverda.

Konseptet vart vidareutvikla og i 1923 hadde Barnack overtydd sjefen sin Ernst Leitz II om å lage ein prototype-serie på 31 apparat. Kameraet vart ein umiddelbar suksess da det vart introdusert på Germany Spring Fair i Leipzig i 1925 som Leica I (for Leitz Camera). Elmar 50 mm f/3,5 objektivet (utforma med 4 element, påverka av Zeiss Tessar) vart utforma av Dr. Max Berek hos Leitz, og var ein av grunnane til suksessen til kameraet — andre var den kompakte størrelsen og pålitelegheita. Spaltelukkaren hadde eit arbeidsområde frå 1/20 til 1/500 sekund i tillegg til ein Z-posisjon for Zeit (tid).

I 1930 kom Leica I Schraubgewinde med eit utbyttbart objektivsystem basert på 39 mm skruvefatning. I tillegg til normalobjektivet på 50 mm, fanst det eit 35 mm vidvinkelobjektiv og eit 135 mm teleobjektiv.

Leica II kom i 1932 med ein innebygd målsøkjar kopla til fokuseringsmekanismen i objektivet. Denne modellen hadde ein separat målsøkjar (som viser eit nedkutta bilete) og ein avstandsmålar (som viser eit forstørra dobbelt bilete som var rett fokusert når det vart til eitt). I Leica III vart det lagt til lågare lukkerhastigheiter ned til eitt sekund, og IIIa-modellen la til 1/1000 sekund lukkartid. IIIa var den siste modellen laga før Barnack døydde, og derfor den siste som han var fullstendig ansvarleg for. Leitz heldt fram med å vidareutvikle den originale utforminga til 1957. Den siste versjonen, IIIg, inkluderte ein stor søkjar med rammeliner. Den likna på M3-søkjaren, men hadde framleis separat mål- og avstandssøkjar. Alle desse modellane hadde kombinerte funksjonar av sirkulære ratt og firkantvindauge som var estetisk gode, men framstod også som litt masete.

I 1954 lanserte Leitz M3, ein modell med bajonettfeste sett på av mange som eit utformingsmirakel for kombinasjonen av den enkle utsjånaden med funksjonell fleksibilitet. Modellen kombinerte avstandsmålar og søkjar i ein stor, lys søkjar med eit lysare dobbelbilete i midten, og introduserte eit system for parallax compensation (korrigering av avvik mellom det ein ser i søkaren og det som faktisk kjem på filmen). I tillegg så hadde det ein ny gummiert spaltelukkar, som er kjent for å vera påliteleg og er sannsynlegvis den stillaste spaltelukkaren som nokon gong er laga. Denne modellen har vorte vidareutvikla kontinuerleg. (Dei siste versjonane er M7 og MP, som begge har rammer for 28, 35, 50, 75, 90 og 135 mm objektiv som blir viste automatisk når eit nytt objektiv blir montert.) Kvaliteten og enkelheita i utforminga har ikkje vorte endra.

Leica har også produsert ein serie med speglreflekskamera som byrja med Leicaflex, deretter SL og SL2, og R serien frå R3 til R7 som vart laga i samarbeid med Minolta. R8 vart utforma og produsert av Leica. Den nyaste modellen, R9, har ein valfri digital modul. Leica-speglreflekskameraet vart vel motteke. Optikken var svært bra, men Leica var seine til å produsere ein modell med automatisk lysmåling, og laga aldri ein modell med autofokus. Dette og den høge prisen på optikken gjorde dei mindre attraktive for yrkesfotografar.

Leitz var også ansvarleg for fleire optiske oppfinningar. Dei var mellom anna fyrst til å bruke aspherical production lenses (masseproduserte asfæriske linseelement), fyrst til å bruke multicoated lenses (linseelement med fleirlags antirefleksbehandling) og fyrst til å bruke rare earth lenses (linseelement av lantanoide-glas). Frå 30-åra til 50-åra konkurrerte Leica med det tyske Contax-kameraet om å vere det mest avanserte og velbygde kameraet. Leica-objektiv utvikla eit rykte — at fotografi tekne med dei kunne skiljast frå fotografi tekne med andre objektiv. Det har vore mykje kontrovers rundt dette.

Ein del firma bygde modellar bygd på målsøkjarutforminga til Leica. Dette gjeld mellom anna Leotax, Nicca og tidlege Canon modellar i Japan, Kardon i USA, Reid i England og Fed og Zorki i Sovjetunionen.

Svært tidlege eksemplar av Leica-kamera og sjeldant tilbehøyr er svært ettertrakta av kamerasamlarar og kan bli omsette for ekstremt høge prisar. Kamera som ber merke som viser at dei vart leverte til den tyske hæren eller luftforsvaret er svært dyre. Det eksisterer mange kopiar av Leica-kamera, vanlegvis baserte på sovjetiske kamera, med Leica-namnet gravert i topplata. (Sovjetunionen overtok Leitz sitt kameraproduksjonsutstyr som krigsbytte etter andre verdskrigen.)

I 1986 bytte Leitz firmanamnet til Leica på grunn av styrken i merkenamnet. På denne tida flytta Leica fabrikken frå Wetzlar til ein by i nærleiken Solms. I 1996 vart Leica Camera skild frå Leica-gruppa og vart eit aksjeselskap. I 1988 vart Leica-gruppa splitta i 2 uavhengige einingar: Leica Microsystems [1] og Leica Geosystems.

Leica produserer framleis ein serie av dyre optiske produkt av svært høg kvalitet, inklusive kompaktkamera, M-System målsøkjarkamera (direkte avstammingar av det første Leica kameraet), R-systemet spegelreflekskamera, digitale kamera (I samarbeid med Panasonic slik som Leica Digilux 2 / Panasonic DMC-LC1, kikkertar, og spotting scopes.

Leica fotografiapparat endre

C-kompaktkameraserien endre

Modell Produksjonsår Antal produsert
C1
C2
C3
Minilux
CM

M-rammesøkjarserien endre

M3 vart introdusert på den tyske utstillinga Foto Kina i 1954 som det fyrste apparatet i M-serien. I ein annonse frå 1956 vart kameraet omtala som ei livslang investering i perfekt fotografering — Utsegna har vist seg å stemme sjølv meir enn femti år etter lanseringa.

Modell Produksjonsår Antal produsert
M3 1954 – 1966 215944
MP 1956 – 1957 311
M2 1958 – 1967 76349
M1 1959 – 1964 9442
M4 1967 – 1971 47191
M5 1971 – 1975 31400
CL1 1972 –
M4-2 1977 – 1980 17,000
M4-P 1980 – 1986
M6 1984 – 2004
M6 TTL 1996 –
M7 2002 –
MP

1 kompaktversjonen av M5

Speglrefleks endre

Modell Produksjonsår Antal produsert
Leicaflex 1964 – 1968 37500
Leicaflex SL 1968 – 1974 70995
Leicaflex SL2 1974 – 1976 24555
R3 1976 – 1979 43750
R4 1980 – 1986 85665
R4s 1983 – 1985 19000
R4s MOD P 1985 – 1988 6631
R5 1986 – 13576
R6 1988 – 1992
RE 1990 –
R6-2 1992 –
R7 1992 –
R8
R9

Bakgrunnsstoff endre