Leif Johan Sevland
norsk politikar
Leif Johan Sevland (fødd 13. september 1961) på Avaldsnes på Karmøy var ordførar i Stavanger frå oktober 1995 til 2011. Han vart attvald ved vala i 1999], 2003 og 2007. Han representerer Høgre. Han har spesielt vore næringspolitisk engasjert og har sagy at kommunen har eit særskilt ansvar for å leggja til rette for næringsaktivitet i området.
Leif Johan Sevland | |||
Leif Johan Sevland i 2010. Foto: Jarle Vines | |||
Fødd | 13. september 1961 (63 år) Avaldsnes | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Stavanger | ||
Verv | Ordførar i Stavanger 1995–2011 | ||
Føregangar | Leif Måsvær | ||
Etterfylgjar | Christine Sagen Helgø | ||
Verv | Leiar av Rogaland Høgre 1994–1998 | ||
Føregangar | Kjell Arholm | ||
Etterfylgjar | Janne Johnsen | ||
Alle verv |
Leif Johan Sevland har utdanninga si frå Rogaland distriktshøyskole, samfunnsfagleg studieretning. I åra frå 1988 til 1994 arbeidde han ved Forus Travbane, der han var dagleg leiar frå 1989. Han er gift med Anne Selnes.