Leikanger kraftverk
Sognekraft har søkt om bygging av Leikanger kraftverk i Henjaelvi og Grindselvi. Kommunestyret i Leikanger kommune har tilfådd utbygging etter alternativ A, men med auka minstevassføring. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har tilrådd utbygging etter alternativ B, med auka minstevassføring og utan regulering av Store Trastadalsvatnet. Det er stort engasjement blant bygdefolket mot utbygging. Det er også samla inn 370 underskrifter for krav om folkerøysting i saka. Kommunestyret forkasta forslaget.
Inntaka
endreEtter alternativ A er det planlagt 11 inntak på kote 600: Henjadalen: Reiseteåi, Traståna, Nyastølselvi, Friksdøla (hovudinntak) og Skulåna (2 inntak). Grindsdalen: Nyastøla (2 inntak), Stavseta (hovudinntak), Gildøla og Skitstøla.
Etter alternativ B er det planlagt 4 inntak på kote 365: Henjadalen: Henjaelvi (hovudinntak) og Skulåna. Grindsdalen: Grindselvi (hovudinntak) og Skitstøla.
Vegane
endreEtter alternativ A må 4 km veg utbetrast og 4 km veg byggjast i Henjadalen, og 9 km veg utbetrast i Grindsdalen.
Etter alternativ B må 3,5 km veg utbetrast i Henjadalen og 6 km veg utbetrast i Grindsdalen.
Minstevassføring
endreSognekraft har føreslege slepping av minstevassføring tilsvarande alminnleg lågvassføring om vinteren og 2 gonger alminneleg lågvassføring om sommaren. Det vil seie: Slepping av 127 l/s i Friksdøla og 82 l/s i Stavseta vinterstid, og 254 l/s i Friksdøla og 164 l/s i Stavseta sommarstid.
Leikanger kommune og fylkesmannen har føreslege slepping av minstevassføring tilsvarande alminneleg lågvassføring om vinteren og 5-persentil om sommaren i Henjaelvi. Det vil seie: 127 l/s om vinteren, og 1427 l/s sommarstid, begge fordelt på alle inntaka (sjå Vassføringsdata Henjaelvi). No er kommunen og Sognekraft samde om 750 l/s i elleve veker om sommaren. Resten av året vert som Sognekraft har føreslege.
Vassføringsdata Henjaelvi ved kote 600
endreMiddelvassføring
1080 l/s i Reiseteåi
890 l/s i Traståna
650 l/s i Nyastølselvi
1340 l/s i Friksdøla
350 l/s i Skulåna
2940 l/s til saman i Henjaelvi
Alminneleg lågvassføring
23 l/s i Reiseteåi
28 l/s i Traståna
22 l/s i Nyastølselvi
47 l/s i Friksdøla
8 l/s i Skulåna
127 l/s til saman i Henjaelvi
5-persentil vinter
19 l/s i Reiseteåi
23 l/s i Traståna
19 l/s i Nyastølselvi
39 l/s i Friksdøla
7 l/s i Skulåna
105 l/s til saman i Henjaelvi
5-persentil sommar
254 l/s i Reiseteåi
219 l/s i Traståna
252 l/s i Nyastølselvi
524 l/s i Friksdøla
91 l/s i Skulåna
1427 l/s til saman i Henjaelvi
Vassføringsdata Grindselvi ved kote 600
endreMiddelvassføring
450 l/s i Nyastøla
1410 l/s i Stavseta
530 l/s i Gildøla
180 l/s i Skitstøla
1920 l/s til saman i Grindselvi
Alminneleg lågvassføring
15 l/s i Nyastøla
47 l/s i Stavseta
15 l/s i Gildøla
5 l/s i Skitstøla
82 l/s til saman i Grindselvi
5-persentil vinter
13 l/s i Nyastøla
39 l/s i Stavseta
12 l/s i Gildøla
4 l/s i Skitstøla
68 l/s til saman i Grindselvi
5-persentil sommar
172 l/s i Nyastøla
533 l/s i Stavseta
168 l/s i Gildøla
54 l/s i Skitstøla
927 l/s til saman i Grindselvi
Vassføringsdata ved utløpa i sjøen
endreMiddelvassføring
3730 l/s i Henjaelvi
2490 l/s i Grindselvi
Alminneleg lågvassføring
161 l/s i Henjaelvi
107 l/s i Grindselvi
5-persentil vinter
132 l/s i Henjaelvi
88 l/s i Grindselvi
5-persentil sommar
1785 l/s i Henjaelvi
1193 l/s i Grindselvi
Samla plan
endreI Samla plan frå 1980-talet var det vurdert fire alternativ til utbygging.
Alternativ 1 skulle ha 3 inntak: Hermansverk kraftverk: Hejaelvi (ved Henjefossen), Njøsaelvi og Fadnastølselvi ( i Njøsadalen). Alternativ 1 var planlagt med moglegheit for 4,5 m nedtapping av Store Trastadalsvatnet i tørre tider.
Alternativ 2 skulle ha 6 inntak og 3 kraftverk: Overføring til Lomavatnet (ovanfor Vetlavatnet: Heimsta Myrdalsvatnet og Traståna. Flya kraftverk: Vetlavatnet. Grindselvi kraftverk (ovanfor Rukandefossen): Gildøla og Stavseta. Hermansverk kraftverk: Grindselvi kraftverk og Henjaelvi. Alternativ 2 var planlagt med 1 m senking av Heimsta Myrdalsvatnet, 10 m regulering av Store Trastadalsvatnet og 4 m regulering av Fjærlandssetevatnet.
Alternativ 3 skulle ha 7 inntak og 2 kraftverk: Overføring til Lomavatnet: Heimsta Myrdalsvatnet og Traståna. Nyastøl kraftverk: Vetlavatnet. Hermansverk kraftverk: Nyastøl kraftverk, Henjaelvi, Skulåna, Gildøla og Grindselvi. Alternativ 3 var planlagt med 1 m senking av Heimsta Myrdalsvatnet, 10 m regulering av Store Trastadalsvatnet og 4 m regulering av Fjærlandssetevatnet.
Alternativ 4 skulle ha 6 inntak og 2 kraftverk: Nyastøl kraftverk: Heimsta myrdalsvatnet og Traståna. Hermansverk kraftverk: Nyastøl kraftverk, Henjaelvi, Grindselvi, Gildøla og Stavseta. Alternativ 4 var planlagt med 1 m senking av Heimsta Myrdalsvatnet og 10 m regulering av Store Trastadalsvatnet.
Alternativa 2, 3 og 4 vart plassert i kategori 2, slik at dei ikkje kunne konsesjonshandsamast. Alternativ 1 vart plassert i kategori 1, slik at det kunne konsesjonshandsamast. Leikanger kommune ynskte ikkje utbygging, og også alternativ 1 vart plassert i kategori 2.
I 2006 fekk Sognekraft og Leikanger kommune innvilga sin søknad om å plassere utbygginga i kategori 1.