Leikarringen Symra

Symra er ein leikarring i Bygdelagssamskipnaden i Oslo og Akershus stifta i 1960.[1] Leikarringen driv hovudsakleg med norsk folkedans, særleg dansar frå Møre og Romsdal.[1] Han driv også ein del med annan nordisk folkedans og med bunader og norsk folkemusikk.[2]

Symra var opphavleg eit særlag i dei tre bygdelaga Sunnmøringen, Romsdalslaget og Nordmørslaget. I 1983 blei leikarringen eit sjølvstendig lag og dermed eit eige medlem i Noregs Ungdomslag.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Historisk tilbakeblikk, Symra, henta 9. november 2017 
  2. Om Symra, folkedans.com, henta 9. november 2017