Leksikostatistikk

Leksikostatistikk er ein metode i komparativ lingvistikk som går ut på ei kvantitativ jamføring av såkalla kognat. Metoden er skyld med den komparative metoden, men omfattar ikkje rekonstruksjonen av eit urspråk. Han må ikkje blandast i hop med den nærskylde glottokronologien.

Historie endre

Leksikostatistikken – nett som glottokronologien, blei fyrst utvikla av den amerikanske lingvisten Morris Swadesh i ein serie artiklar frå 1950-talet (sjå bibliografien), på grunnlag av eldre idear; jamfør Hymes (1960) og Embleton (1986, som gjev eit historisk oversyn over leksikostatistikken.

Method endre

Skape ordlister endre

Ein tek utgangspunkt i førestillinga om eit grunnleggjande ordtilfang, oftast ei liste – "Swadesh-lista" – med 100 eller 200 ord som viser til grunnleggjande og presumptivt universelle sider ved menneskelivet. Orda har tydingar som 'hand', 'munn', 'eld', 'vatn', 'himmel', 'ete' osb. – tydingar som truleg dei fleste språka i verda har ord for.

Avgjere kognat endre

Ord med tilnærma lik tyding i N språk – språk blir jamførte, helst av ein røynd lingvist. Dersom orda har same etymologiske opphav, blir dei kalla kognat. I kvar tilfelle må ein avgjere om orda som er jamførte dei er kognat eller ikkje, eller om det ikkje er mogeleg å avgjere.

Kalkulere leksikostatistiske prosentar endre

For to og to språk finn ein fram til prosenten med kognat. Prosenten blir sett inn i ein tabell med N x N ruter, der N er talet på språk som er jamførte. Tabellen er full når helvta av alle ruter er utfylte, i ei trekantform. Di høgare ein prosent er, di nærmare meiner ein to språk skylde kvarandre.

Skape familietre endre

På grunnlag av tabellen lagar ein eit familietre, der to språk med ein høg kognatprosent kjem i greiner nær kvarandre og to språk med ein låg kognatprosent kjem i greiner lenger frå kvarandre.

Kritikk endre

Hoijer (1956) og andre har vist at det er vanskelegare å finne tydingsekvivalentar i ulike språk enn metoden føreset; andre har prøvt å revidere lista. Gudschinsky (1956) tvilar på at det i det heile er mogeleg å lage ei universell liste. Mange har peika på vanskane som mellom anna lånord skaper for metoden. Eit anna problem er sjølve nemninga kognat. Metoden blir sterkt svekt av at mange ikkje byggjer på påvist etymologisk skyldskap, men berre fonologisk likskap.

Bibliografi endre

Lista inneheld meir litteratur enn den som er vist til i artikkelen.

  • Dobson, Annette (1969). Lexicostatistical Grouping. Anthropological Lingustics 7, 216-221.
  • Dobson, Annette and Black, Paul (1979). Multidimenssional Scaling of some Lexicostatistical Data. Mathematical Scientist 1979/4, 55-61.
  • Dyen, Isidore (1962). The Lexicostatistically Determined Relationship of a Language Group. International Journal of American Linguistics 28/3.
  • Dyen, Isidore (1963). Lexicostistically Determined Borrowing and Taboo. Language 39, 60-66.
  • Dyen, Isidore (1965). A Lexicostatistical Classification of the Austronesian Languages. International Journal of American Linguistics, Memoir 19.
  • Dyen, Isidore (1973), Editor. Lexicostatistics in Genetic Linguistics. The Hague, Mouton.
  • Dyen Isidore (1975). Linguistic Subgrouping and Lexicostatistics. The Hague, Mouton.
  • Dyen, Isidore Kruskal, Joseph and Black, Paul (1992). An Indoeuropean Classification, a Lexicostatistical Experiment. Transactions of the American Philosophical Society 82/5.
  • Embleton, Sheila (1986). Statistics in Historical Linguistics. Bochum.
  • Gudschinsky, Sarah (1956). The ABCs of lexicostatistics (glottochronology).
  • Hoijer, Harry (1956). Lexicostatistics : a critique. Language 32, 49-60.
  • Hymes, Dell (1960). Lexicostatistics so far. Current Anthropology, 1/1, 3-44.
  • McMahon, April and McMahon, Robert (2005). Language Classification by Numbers. Oxford University Press.
  • Rea, John (1990). Lexicostatistics. In "Trends in Linguistics" edited by Polome, Edgar.
  • Sankoff, David (1970). "On the Rate of Replacement of Word-Meaning Relationships." Language 46.564-569.
  • Swadesh, Morris (1950). Salish Internal Relationships. International Joural of American Linguistics 16, 157-167.
  • Swadesh, Morris (1952). Lexicostatistical Dating of Prehistoric Ethnic Contacts. Proceedings of American Philosophical Society 96, 452-463.
  • Swadesh, Morris (1955). Towards Greater Accuracy in Lexicostatistic Dating. International Journal of American Linguistics 21, 121-137.
  • Wittmann, Henri (1969). "A lexico-statistic inquiry into the diachrony of Hittite." Indogermanische Forschungen 74.1-10.[1]
  • Wittmann, Henri (1973). "The lexicostatistical classification of the French-based Creole languages." Lexicostatistics in genetic linguistics: Proceedings of the Yale conference, April 3-4, 1971, dir. Isidore Dyen, 89-99. La Haye: Mouton.[2]

Bakgrunnsstoff endre