Lektpanel er bordkleding der revene mellom borda er dekte med ei lekt.

Lektpanel på skott, 95 mm bordkleding med 19x36 mm lekter over revene

På store hus frå andre halvdelen av 1700-talet og 1800-talet, og endå meir på villaer bygde i sveitserstil, er det vanleg med breie bord sette kant i kant, og med ei smal profilert lekt (lock-list) over skøyten langsetter borda. Lekta kan vere frå 1 ½ til 2 ½ tomme brei og gjerne tommen tjukk.

På småhus har det vore vanleg å sette opp enkel bordkleding av 4–5 toms bord. På desse husa har ein brukt1 ½ til 2 tommar breie lekter til å tette reven mellom borda.

Kjelder endre