Bygningen skott

Skott er eit uthus til lagring av ved, verktøy og andre reiskapar. Tidlegare var det vanleg å ha sagbukken og hoggstabben i skottet, men i dag har mange gått over til kappsag og vedklivar.

Vedskjul i Russland.

Namnet har samanheng med at skottet tidlegare vart bygd som eit tilbygg til våningshuset. Sidan har det vorte vanlegare å byggje skottet som ein frittståande bygning. Skottet kan ha eit skottkammers med høvelbenk og liknande. Det kan òg ha eit skottloft for lagring av material eller anna.

Skott for særskilte formål kan ha namn etter bruken - til dømes vert eit båtskott brukt til bygging av båtar.