Lekven i Os
Lekven er ein gard som ligg sør for Liafjell i Vestland fylke, mellom Tuen, Lunde og Ferstad i Bjørnafjorden kommune. Namnet vert uttala Lekkvenn og kjem av det gamle Leikvin, vollen eller bøen der bygdefolket samlast til leik og idrettstevlingar. Garden er eldgamal, som ogso namnet syner.