Bjørnafjorden kommune

kommune i Vestland fylke i Noreg

Bjørnafjorden kommune er ein kommune i Vestland fylke som vart skipa den 1. januar 2020, då dei tidlegare kommunane Os og Fusa slo seg saman.[1] Bjørnafjorden grensar til Bergen og Samnanger i nord, Kvam i aust, Kvinnherad og Tysnes i sør og Austevoll i vest.

Bjørnafjorden kommune
kommune
Kommunelogo
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Osøyro
Areal 517,41 km²
 - land 487,58 km²
 - vatn 29,83 km²
Folketal 25 596  (1. januar 2023)
Målform nynorsk
Ordførar Trine Lindborg (Ap)
Kommunenr. 4624
Kart
Bjørnafjorden kommune
60°12′ N 5°42′ E
Wikimedia Commons: Bjørnafjorden (municipality)
Nettstad: bjornafjorden.kommune.no

Geografi endre

Kommunen ligg nord for hovudarmen av Bjørnafjorden. Fusafjorden, som etter kvart deler seg i Eikelandsfjorden, Ådlandsfjorden og Samnangerfjorden, deler kommunen i ein austleg og ein vestleg del.

Bjørnafjorden kommune har ei kystline på 355,3 km.[2]

Det høgste fjellet i kommunen er Tveitakvitingen på grensa til Samnanger og Kvam, som strekkjer seg 1299 meter over havet.[3] Skogseidvatnet aust i kommunen er den største innsjøen i areal.

Kjelder endre

  1. Forskrift om sammenslåing av Fusa kommune og Os kommune til Bjørnafjorden kommune, Hordaland. Henta den 6.1.2020.
  2. «Tal og fakta om Bjørnafjorden kommune», bjornafjorden.kommune.no, arkivert frå originalen 2. februar 2020, henta 10. januar 2020 
  3. «Tal og fakta om Bjørnafjorden kommune», bjornafjorden.kommune.no, arkivert frå originalen 2. februar 2020, henta 6. januar 2020 
  Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.