Eleni «Lela» Karagianni ([ˈlela karaˈʝani] 18988. september 1944), også skrive Karayanni, var ei gresk motstandskvinne under andre verdskrigen. Ho var gift med ein apotekar frå Attikam, og hadde sju barn. Karagianni koordinerte greske motstandsceller og aktivitetane deira mot den tyske okkupasjonsmakta. Lela Karagianni blei fanga og torturert av tyskarane i 1944. Ho blei send til Haidari konsentrasjonsleir, der ho heldt fram med å organisera motstand mot tyskarane. Ho blei avretta ved skyting 8. september 1944.[1]

Lela Karagianni
Fødd24. juni 1898
FødestadLímni
Død8. september 1944
DødsstadHaidari concentration camp

Liv endre

Lela Karagianni var fødd i Límni på Euboea. Før andre verdskrigen var ho heimeverande husmor i Aten. Mannen hennar var apotekar, og saman hadde dei sju barn. Då aksemaktene invaderte og okkuperte Hellas i 1941, gav familien Karagiannis medisinar til dei britiske soldatane som trekte seg tilbake, og hjelpte seinare nokre gjenverande soldatar å flykta frå landet.[2] Etterkvart som okkupasjonen heldt fram blei familien stadig meir involvert i motstandsrørsla mot den då italienske okkupasjonen av Aten. Dette førte til slutt til at Lela, mannen hennar og dei eldste sønene deira gjekk med i den nasjonale republikanske greske ligaen, kjend under det greske akronymet EDES. Lela danna si eiga celle i den større rørsla med kodenamnet Bouboulina, etter oldemor hennar Laskarina Bouboulina, ein gresk kaptein som hadde kjempa mot det osmanske riket under den greske sjølvstendekrigen.[3][1][4]

Karagianni og andre partisanar dreiv verksemda si frå apoteket i Aten og frå eit kloster i Mégara. Cella sende informasjon til andre celler, smugla ettersøkte personar til område som var kontrollerte av greske partisanstyrkar, forfalska dokument og koordinerte med britisk etterretning om å laga hinder for okkupasjonsmakta.[1][2]

I juli 1944 blei Karagianni arrestert i Aten av tyske okkupasjonsstyrkar. Ho blei teken til SS sitt hovudkvarter på Merlingata, kalla Helveteshuset av nokre greske fangar.[5] Der blei ho torturert i fleire dagar før ho blei send til Haidari konsentrasjonsleir utanfor Aten. I fangenskap fortsette Lela å organisera motstand mot tyskarane. Men morgonen 8. september blei ho og andre fanga medlemmer av motstandsrøsla avretta ved skyting, berre 34 dagar før Aten blei frigjort av allierte styrkar.[1][3]

Ettermæle endre

 
Huset til Karagianni
 
Marmorplakett ved huset til Lela Karagianni

Etter krigen blei Lela Karagianni og familien – mannen, døtrene og sønene hadde overlevd – æra for innsatsen sin. Det blei bestilt ei byste Karagianni av Unionen av greske kvinnelege naturforskarar i 1963.[6] I 2011 blei ho anerkjend av Israel som Rettskaffen blant nasjonane.[2]

Ei gate i sentrum av Aten er kalla opp etter henne, Lelas Karagianni-gata, tidlegare Limnougata. Ho ligg nær huset til Lela Karagianni, som er eit verna minnesmerke.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Greeks Honored Righteous Among Nations | GreekReporter.com». greece.greekreporter.com (på engelsk). 15 March 2013. Henta 11 October 2018. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Heroine Of The Underground: Lela Karagianni | Greek News». www.greeknewsonline.com (på engelsk). 18 November 2013. Arkivert frå originalen 22. oktober 2022. Henta 11 October 2018. 
  3. 3,0 3,1 «Notabilia - People - Greek War Of Independence (1821-1829) - Laskarina Bouboulina (1776-1825)». www.johnpap.net. Henta 11 October 2018. 
  4. «LELA CARAYANNIS - Greece's Narional Heroine - Photos from 2003 Ceremony». www.drgeorgepc.com. Henta 8 September 2021. 
  5. «Merlin». www.occupation-memories.org (på engelsk). 28 June 2016. Henta 11 October 2018. 
  6. «Unveiling of the bust of the Greek National Resistance Heroine Lela Karagianni in Athens by Princess Irene.». EUscreenXL. Henta 11 October 2018.