Opna hovudmenyen

Lenesfjorden

fjord
(Omdirigert frå Lenefjorden)
Fleseland ved Lenesfjorden

Lenesfjorden eller Lenefjorden, stundom skrive Lehnesfjorden, er ein fjord langs grensa mellom kommunane Lindesnes og Lyngdall kommune i Vest-Agder. Fjorden har innløp frå Grønsfjorden ved Jåsund. Lenesfjorden er ein del av same fjordsystemet som Grønsfjorden og til saman har dei ei lengd på om lag 20 km. Frå Jåsund strekkjer Lenesfjorden seg både sørover til Spangereid og nordover til Lene, som han er kalla opp etter. Frå Spangereid til Lene er Lenesfjorden 10,5 kilometer lang.

På det djupaste, om lag midt mellom Jåsund og Fleseland, er Lenesfjorden 179 meter djup. I motsetnad til den urolege Grønsfjorden som fører ut til havet, er Lenesfjorden nesten innelukka. Dette kan ha gjeve opphav til det det gamle fjordnamnet Lene, av *Lini, ei svak form av linr - 'jamn, mild'.[1]

Sommaren 2007 vart Spangereidkanalen mellom Lenesfjorden og Båly ved Spangereid opna. Kanalen gjere det lettare å ta seg frå aust til vest med båt, då ein kan sleppe å runde det vêrharde området rundt Lindesnes fyr.

BakgrunnsstoffEndra