Codex Leningradensis

(Omdirigert frå Leningradkodeksen)

Codex Leningradensis, eller leningradkodeksen som ein kan kalla han på norsk, er eit av dei eldste manuskripta som finst over heile Den hebraiske bibelen (Det gamle testamentet). Manuskriptet er datert til år 1008, og er truleg skrive i Kairo.[1] Manuskriptet er skrive på hebraisk etter den såkalla masoretiske teksten med Tiberias-vokalisering.

Codex Leningradensis blir datert til år 1008.

Truleg er Codex Aleppo opphavet til leningradkodeksen og såleis eldre enn denne (kanskje frå 920-talet), men delar av aleppokodeksen har vore sakna sidan 1947. Dette gjer leningradkodeksen til det eldste eksisterande manuskriptet som inneheld heile Det gamle testamentet. Han kan til dømes brukast som kjelde for dei manglande delane av aleppokodeksen. Dermed har leningradkodeksen ei viktig rolle i kristen og jødisk religionsforsking.

Leningradkodeksen har namn etter Leningrad (Sankt Petersburg) etter å ha vore i Nasjonalbiblioteket i Russland Saltykov-Sjtsjedrin sidan 1863. Han blei internasjonalt kjend som Leningradkodeksen etter å ha vore brukt som utgangspunkt for den hebraiske teksten i Biblia Hebraica (1937), og seinare for Biblia Hebraica Stuttgartensia (1977). Då Leningrad fekk tilbake namnet Sankt Petersburg etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991, bad nasjonalbiblioteket om at ein skulle halda på «Leningrad» i namnet på kodeksen. Han er tidvis blitt omtalt som Codex Petersburgensis eller Petropolitanus, 'St. petersburgkodeksen', men dette er eit fleirtydig namn sidan det også kan visa til ein annan bibelkodeks, MS. Heb B 3, som er endå eldre (år 916), men berre omfattar siste delen av Nebiím (Profetane).

Kjelder endre

  1. Marilyn J. Lundberg. «The Leningrad Codex». West Semitic Research Project.