Kairo (arabisk: القاهرة al-Qāhira) er hovudstaden i Egypt. Han ligg ved elva Nilen, eit lite stykke ifrå der ørkenen går over i Nildeltaet nord i Egypt. Med 16 millionar innbyggjarar er Kairo den største og mest folkerike byen i Afrika og den arabiske verda. Han er ein av dei tørraste storbyane i verda med ei nedbørsmengd på 20 mm per år, og er, etter Mexico by, rekna som den nest mest forureina av verdas hovudstader.

Al-Qāhira
(ar. القاهرة)
Utsyn over byen frå Kairotårnet
Utsyn over byen frå Kairotårnet
Utsyn over byen frå Kairotårnet
Flagget til Kairo Byvåpenet til Kairo
Flagget til Kairo
Styresmakter
Land
Guvernement
Egypt
Al-Qahira
Guvernør Dr. Abdul Azim Wazir
Geografi
Flatevidd 528 km²
Flatevidd
 - By

214 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik
 - Byområde

17 285 000
  37 136/km²
7 947 121
Koordinatar 30°03′″N 31°22′″EKoordinatar: 30°03′″N 31°22′″E
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse anna
Nettstad: www.cairo.gov.eg
Plassering
Plassering av Kairo
Plassering av Kairo

I og nær byen finn ein mellom anna pyramidane og sfinksen i Giza, Amr-moskeen, universitetet Al-Azhar, Citadellet, «den hengande kyrkja» Kairotårnet og bydelar som Gamle Kairo og Nye Egypt. Historiske Kairo er rekna som verdsarv av UNESCO. I 2021 nemnde SN han som ein av dei ti raskast veksande byane i verda.[1]

Kairo har over 500 moskear og er til tider kjend som «minaretbyen». Lokalt blir byen ofte omtalt som «Misr», som også er det lokale namnet på Egypt.

Historie endre

Kairo vart grunnlagt i 969 då hovudstaden var Memfis, som ligg 30 km sør for Kairo. I starten låg landsbyen Babylon i Egypt omtrent midt i der Kairo no ligg. I 641 vart området erobra av av ein islamsk hærstyrke. Dei etablerte ein ny busetnad, Fustat, 'teltbyen', som etter kvart voks til ein by. Guvernøren Ahmed ibn Tulun let denne byen riva og bygde i staden Al-Qatai ('distriktet') noko lenger nord. Tulun gjorde opprør mot abbasideherskarane og grunnla eit kortvarig dynasti. I 905 tok abbasidane seg inn og jamna heile byen, så nær som ein moské, med jorda.

Byen fekk rikdom gjennom avgifter frå skip som passerte på Nilen. I 969 blei byen erobra av dei nordafrikanske fatimidane, og krigsherren Gohar let byggja den nordlege bydelen Al-Qahira – på norsk kjend som Kairo. Datoen for bygginga og namnet blei vald astrologiskMars, eller al-Qahir på arabisk, var i oppgang. 969 blir rekna som grunnleggingsåret til byen. På 1100-talet bygde sultanen Saladin Citadellet i Kairo for å verna byen mot krossfararar.

I 1250 tok mamelukkane kontroll over Egypt og styrte frå Kairo fram til 1517, då dei blei overvunne av ottomanarane. No var Kairo blitt til ein storby med bygningar i fleire etasjar, der dei nedste blei brukte til handel og lagring og dei lengre oppe var bustader for leigebuarar.

Etter den franske okkupasjonen under Napoleon frå 1798 til 1801, tok den ottomanske offiseren Muhammad Ali Pasha makta i eit sjølvstendig rike med Kairo som hovudstad. Byen blei modernisert og bygd ut, og utlendingar blei inviterte til byen. I 1872 hadde Kairo 25 000 europeiske eller amerikanske innbyggjarar. I 1882 kom Egypt under britisk styre. I 1922 blei Egypt sjølvstendig med Kairo som hovudstad, men britane hadde framleis stor makt. 26. januar 1952 braut det ut demonstrasjonar og oppløp mot britar og deira bankar, hotell og restaurantar. I juli det året tok ei gruppe egyptiske offiserar makta i landet, og mange av utlendingane forlet landet.

Sidan har Kairo hatt stor folketilstrømming frå landsbygda, og er blitt svært overfolka.

Transport endre

Kairo er eit egyptisk transportknutepunkt med eit stort og mykje trafikkert vegnett, elvefart, jernbane, og som den einaste afrikanske byen eit utbygd t-banenett. Her ligg også Kairo internasjonale lufthamn, den travlaste flyplassen i Egypt.

Kultur endre

Kairo har eit rikt kulturliv prega av dei mange kulturane som har kome til byen. Her ligg fleire museum, teater Kairo-operaen og ei rekkje spennande bygg, som moskear, kyrkjer, synagogar. Den internasjonale filmfestivalen i Kairo er blitt halden årleg sidan 1976. Pyramidane er også blitt brukte til ei rekkje musikk- og teaterførestillingar, mellom anna Peer Gynt.

Kairo er mellom anna blitt skildra av nobelprisvinnaren Naguib Mahfouz i «Kairotrilogien» og av Alaa el-Aswany i Yacoubian-bygningen.

Attraksjonar endre

 
Historisk museum.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

 
Khan El Khalili.
  1. Richard Gardham (30. desember 2021). «The ten fastest-growing cities in the world». Investmentmonitor.ai.