Lennon/McCartney
(Omdirigert frå Lennon-McCartney)
Lennon/McCartney er namnet som ofte vert nytta om kompaniskapet til John Lennon og Paul McCartney og er eit av dei mest kjende og mest suksessrike musikalske samarbeida gjennom tidene. Dei to vart tidlege einige om ein avtale der dei delte krediteringa på alle songane dei skreiv, sjølv på dei songane som dei hadde skrive kvar for seg. Desse songane utgjer det meste av katalogen til The Beatles.
Lennon, med kynisme og ein hang til sjølvgransking, og McCartney, med meir optimistiske historier og eit øyre for melodi, kompletterte kvarandre. Lennon og McCartney danna eit kritikarrost og kommersielt suksessrik kompaniskap med songane dei skreiv.[1]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lennon/McCartney» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 'Writing Styles' i «The Lennon-McCartney Songwriting Partnership» bbc.co.uk, 4. november 2005. Vitja 4. oktober 2008