Opna hovudmenyen

John Winston Ono Lennon (9. oktober 19408. desember 1980), betre kjend som John Lennon, var låtskrivar, vokalist og gitarist i det verdsberømte bandet The Beatles. Av dei mest kjende låtane frå The Beatles er «I Want to Hold Your Hand», «Help!», «Norwegian Wood», «Strawberry Fields Forever», «Lucy in the Sky with Diamonds», «Come Together» og «Across the Universe». Som soloartist produserte han songar som «Give Peace a Chance», «Imagine», «Woman» og «Happy Xmas (War is Over)».

John Lennon
Lie In 15 -- John rehearses Give Peace A Chance.jpg
Lennon øver på «Give Peace A Chance» i Montreal i 1969
Fødd9. oktober 1940
Liverpool i England
FødestadLiverpool
Død8. desember 1980 (40 år)
New York City i USA
DødsstadNew York by
FødenamnJohn Winston Lennon
OpphavStorbritannia
Aktiv1957 – 1976, 1980
SjangerRock, pop, eksperimentell, bluesrock, psykedelisk rock, kunstrock, softrock, poprock
InstrumentVokal, gitar, piano, bass, munnspel, banjo
Kjende instrumentRickenbacker 325
Epiphone Casino
Gibson J-160E
Les Paul Junior
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarThe Quarrymen, The Beatles, Plastic Ono Band, The Dirty Mac
PlateselskapParlophone, Capitol, Apple, EMI, Geffen, Polydor
Verka somLåtskrivar, musikar
MorJulia Lennon
FarAlfred Lennon
Gift medCynthia Lennon, Yoko Ono
BornJulian Lennon, Sean Lennon
PrisarMedlem av Den britiske imperieordenen, Grammy Lifetime Achievement Award, Rock and Roll Hall of Fame, Oscar for beste originalmusikk

Lennon gjorde seg også bemerka som politisk aktivist, kunstnar og delvis som forfattar. Han var først gift med Cynthia Powell, som han fekk sonen Julian med. Han forlèt henne for den japanske kunstnaren Yoko Ono i 1969, og endra samtidig namn til «John Ono Lennon».

Etter at The Beatles vart oppløyst i 1970 hadde Lennon ein kort, men markant solokarriere i perioden 1970–1975 med ei rekkje politiske og eksperimenterande album. Etter ein lenger pause frå 1975–1980 der han konsentrerte seg om familielivet med Yoko og sonen Sean, fekk han eit comeback med albumet Double Fantasy i 1980.

John Lennon vart drepen med fire skot av fanatikaren Mark David Chapman utanfor heimen sin i New York like før kl. 23.00 den 8. desember 1980.

Innhaldsliste

Biografiar og bøkerEndra

Egne utgjevingarEndra

  • In His Own Write, John Lennon, 1963
  • A Spaniard in the Works, John Lennon, 1965.
  • No flies on Frank: his greatest nonsens-hits, John Lennon, 1994.
  • Skywriting by word of mouth and other writings including The ballad of John and Yoko, John Lennon, 1986.

BiografiarEndra

  • John Lennon: mennesket, musikeren og myten : en biografi, Karsten Jørgensen. 2004 (dansk)
  • John Winston Lennon, Ray Coleman
  • John Ono Lennon, Ray Coleman
  • The Lives of John Lennon, Albert Goldman
  • The Lennon Companion, Twenty Five Years of Comment, E.Thompson og D.Gutman (red.).
  • John Lennon My Brother, Julia Biard (med Geoffry Giuliano), 1989
  • Let Me Take You Down: Inside the mind of Mark David Chapman, Jack Jones, 1992
  • Lennon Revealed, Larry Kane, 2005
  • John, Cynthia Lennon, 2005, Crown Publishers

PlateutgjevingarEndra

BeatlesEndra

SoloalbumEndra

Posthume utgjevingarEndra

  • Milk and Honey (med Yoko Ono, 1984)
  • Live in New York City (1986)
  • Menlove Avenue (1986)
  • Imagine: John Lennon (1988)
  • Lennon Legend: The Very Best of John Lennon (1997)
  • Anthology (1998)
  • Wonsaponatime (utval frå Lennonantologien, 1998)
  • Acoustic (2004)

BakgrunnsstoffEndra

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: John Lennon
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: John Lennon