Leonhard Stock (fødd 14. mars 1958) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Finkenberg i Tirol. Han vart olympisk meister i utfor under Vinter-OL 1980 i Lake Placid.

Leonhard Stock


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 14. mars 1958 (66 år)
Finkenberg
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1988, alpine skiing at the 1980 Winter Olympics – men's downhill

Utmerkingar

æresteikn i gull for tenester til den austerrikske republikken

Aktiv endre

Stock debuterte i verdscupen i alpine greiner i 1976 og var aktiv til 1993. I tida frå desember 1978 til desember 1992 tok han 25 gongar steget opp på sigerspallen, men berre ved tre høve stod han øvst på pallen. Fyrste sigeren kom ikkje før 5. januar 1989, då han vann eit utforrenn i Laax. Sidan han vann han utforrenn i Val-d'Isère i desember 1990 og Gherdëina i desember 1992.

Allereie i 1979 gjorde Stock sin beste sesong i verdscupen i alpine greiner då han enda på andreplassen, berre Peter Lüscher frå Sveits samla fleire poeng gjennom sesongen. Stock sin største triumf kom under vinterleikane 1980 i Lake Placid, der han overraska og vann gullmedaljen i utfor på suverent vis. I dei same leikane vann han VM-bronsen i kombinasjonen. Stock var nær ved å sikre seg nye medaljar i seinare meisterskap; han vart nummer fire i super-G i VM i alpine greiner 1987, og fekk same plasseringa i utfor under Vinter-OL 1988 i Calgary, samt i VM i alpine greiner 1991 i Saalbach-Hinterglemmm.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre