Val Gardena
Val Gardena (tysk Gröden; ladinsk Gherdëina) er ein dal i Trentino-Alto Adige nord i Italia. Han er ein av fem dalar i Dolomittane der majoriteten talar ladinsk. Dialekten av ladinsk som vert tala i denne dalen vert kalla gardenese på italiensk, grödnerisch på tysk og Val Gardena på ladinsk.
Val Gardena | |||
dal | |||
Langental i Val Gardena
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Trentino-Alto Adige | ||
Val Gardena 46°33′36″N 11°42′17″E / 46.56°N 11.704722°E | |||
Val Gardena (lilla) si plassering i Nord-Italia i forhold til dei andre ladinske dalane
| |||
Wikimedia Commons: Gröden |
Val Gardena er ein austleg sidedeal til Isarcodalen og strekkjer seg oppover mot Sella i aust.
Landsbyar
endreDet er tre landsbyar i dalen:
- Urtijëi (it: Ortisei; ty: St. Ulrich)
- Sëlva (it: Selva; ty: Wolkenstein)
- Santa Cristina (it: Santa Christina; ty: St. Christina)
Sport
endreVal Gardena har eit ishockey-lag, HC Gherdeina, som spelar i italiensk Serie A2.
Carolina Kostner er ein kjend kunstløpar og søskenbarnet Isolde Kostner er ein kjend alpinkøyrar frå området.
Turisme
endreDalen har stor turisttrafikk både sommar og vinter. Det er rundt 15 000 sengeplassar her og ein finn 84 skiheisar, 176 km med alpintløyper og 98 km med langrennsløyper. Om sommaren er det fjelltur som lokkar turistar til dalen. I 1970 vart alpin-VM arrangert her og det vert årleg arrangert verdscup i alpint.
Bilete
endre-
Landsbyen Sëlva
-
Sasslonch er kjennemerket for Val Gardena. Fjellet er 3181 moh.
-
Sëlva
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Val Gherdëina» frå Wikipedia på engelsk, den 27. november 2007.