Leonid Kutsjma
Leonid Danylovytsj Kutsjma (fødd 9. august 1938) er ein ukrainsk politikar frå landsbyen Tsjajkine i Tsjernihiv oblast. Han var frå 19. juli 1994 til 23. januar 2005 den andre presidenten i Ukraina. Tidlegare var han frå oktober 1992 til september 1993 statsminister i landet.
Leonid Kutsjma | |||
| |||
Fødd | 9. august 1938 (86 år) Tsjajkyne | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Sovjetunionen, Ukraina | ||
Parti | ingen, Sovjetunionens kommunistiske parti (1991) | ||
Yrke | politikar, ingeniør | ||
Utdanna ved | Oles Honchar Dnipro National University Ukrainas nasjonale luftfartsuniversitet Luhansk State University of Internal Affairs | ||
Ektefelle | Liudmyla Kuchma | ||
Barn | Olena Pinchuk | ||
Medlem | 1. Verchovna Rada | ||
Alle verv |
Kutsjma er utdanna ingeniør og arbeidde ved Kosmodrom Bajkonur. På 1980-talet var han med i sentralkomiteen til Ukrainas kommunistparti. Kutsjma vart vald inn i Verkhova Rada (landstinget) i 1990, året etter braut han med kommunistpartiet og var sidan partilaus. Den 13. oktober 1992 vart han utnemnd til statsminister, ein post han hadde i knapt eit år. Hausten 1993 gjekk han av for å delta i presidentvalet i Ukraina. Ved presidentvalet i juni 1994 fekk han 52,4% av røystene og slo dermed den sitjande presidenten, Leonid Kravtsjuk. Kutsjmas fyrste presidentperiode, 1994-99, var prega av økonomisk stagnasjon. Han lukkast verte attvald i 1999, sterkt støtta av eit nettverk av oligarkar og byråkratar (Dnipropetrovsk-klanen). Perioden 1999-2004 møtte Kutsjma sterke skuldnader og masseprotestar, særleg for den omfattande korrupsjonen. Han stod samstundes for ei tilnærming til Russland og Putin-regimet. Kutsjma kunne ikkje attveljast i 2004.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Leonid Kutschma» frå Wikipedia på tysk, den 8. mars 2022.