Tsjernihiv oblast (ukrainsk Чернігівська область) er ei politisk eining på provinsnivå (oblast) i det nordlege Ukraina. Hovudstaden i provinsen er byen Tsjernihiv.

Tsjernihiv oblast
Чернігівська область, Tsjernihivska oblast
oblast
flagg
våpen
Kallenamn: ukrainsk Чернігівщина (Tsjernihivsjtsjyna)
By Tsjernihiv, Nizjyn, Prylukyj
Rajon 22
Byrajon 3
Byar 78
Landsbyar 1494
Koordinatar 51°20′ N 32°4′ E
Hovudstad Tsjernihiv
Areal 31 865 km²
Folketal 1 156 609 (2006)
Folketettleik 36 / km²
Grunnlagd 15. oktober 1932
Guvernør Volodymyr Homenko[1]
ISO 3166-2 kode UA-74-
Postnummer 14-17xxx
Retningsnummer +380 46
Bilnummer СВ
Språk ukrainsk

Tsjernihiv oblast
51°20′ N 32°4′ E
Map of Ukraine political simple Oblast Tschernihiw.png
Wikimedia Commons: Chernihiv Oblast
Nettstad: www.chernigivstat.gov.ua
www.rada.gov.ua

GeografiEndra

 
Kart over Tsjernihiv oblast

Provinsen har ei flatevidd på i kring 31 900 km². Han grensar i vest mot Kievdammen i elva Dnepr og mot Kiev oblast, mot Sumy oblast i aust, og Poltava oblast i sør. Tsjernhiv oblast si nordgrense dannar Ukrainas statsgrense mot høvesvis Kviterussland (Homiel voblast) i nordvest og Russland (Bryansk oblast) i nordaust.

Tsjernhiv oblast vert av elva Desna delt i ein nordleg part og ein sørleg part. Desna renn ut i Dnepr straks nord for Kiev sine bygrenser.

DemografiEndra

Folketalet i Tsjernhiv oblast er på 1 156 609 (2006). Størstedelen av innbyggjarane er ukrainarar, mindre grupper av kviterussarar og russarar er konsentrert om dei nordlegaste distrikta.

Folketalet i provinsen har vore fallande i lang tid, og fallet er kraftigare enn i nokon annan ukrainsk provins. I 1959 budde 1 554 000 menneske i provinsen. Ingen annan provins i Ukraina er så tynt folkesett.

ØkonomiEndra

Tsjernihiv oblast sitt næringsliv dreiar seg mykje om utvinning av petroleum og naturgass, produksjon av maskinar, tilverking av tobakk og tekstilindustri. Ein stor tobakksfabrikk ligg i Pryluky. Byane Bakhmasj og Nizhyn er viktige knutepunkt for jarnbaner frå Russland og Kviterussland til Søraust-Europa. I Tsjernhiv by ligg maskinverkstader og elektronikkindustri.

RajonEndra

Rajonar (distrikt) i Tsjernihiv oblast:

KjelderEndra