Les Très Riches Heures du duc de Berry

Les Très Riches Heures du duc de Berry, som på norsk tyder 'dei rikaste timene til hertugen av Berry', er ei rikt illustrert tidebok som den franske hertugen Jean den fyrste av Berry tinga av dei nederlandske målarbrørne Paul, Jean og Herman de Limbourg i 1412. Brørne fekk ikkje gjort boka ferdig før hertugen døydde av pest i 1416, og arbeidet med illustrasjonane vart fullført av Jean Colombe for hertugen Charles den fyrste av Savoie i tida mellom 1485 og 1489.

Kristi himmelfart

Les Très Riches Heures du duc de Berry er rekna som juvelen av dei tidebøkene (livres d'heures) som er teke vare på frå mellomalderen. Tidebøker var basissamlingar av dei tekstane, bønar og salmar, som var rekna for naudsynte for å kunne praktisere den kristne (katolske) trua. Men sjølv om dei hadde illustrasjonar som samsvarte med teksten, var ikkje motiva berre strengt religiøse. Mellom anna synte bilete for kvar månad det som var typisk for månaden, illustrert med arbeidsscener og/eller festsscener. Av di mange av desse illustrasjonane har både småkårsfolk og adel i ulike landskap som tema, gjev tidebøkene innsyn i tilhøva i mellomalderen. Det var slike bøker som var dei mest vanlege illustrerte (illuminerte) bøkene i denne tida, og kvar bok var unik med omsyn til illustrasjonar.

Månadsbileta i Les Très Riches Heures du duc de Berry endre

Bakgrunnsstoff endre