Limbourg-brørne var tre nederlandske målarar; Herman, Paul og Johan. Dei var fødde kring 1385-1388 og døydde alle i 1416 i ein pest.

Maria bodskapsdag, 1408-09
Jesu fødsel, 1411-16

Limbourg-brørne vert framfor alt hugsa for sine bokillustrasjonar til Les Très Riches Heures du duc de Berry, laga på oppdrag frå hertugen av Berry. Bileta syner, for aller fyrste gong i kunsthistoria, menneske i kvardagslege syslar. Les Très Riches Heures vekker assosiasjonar til ei tid der makteliten skulle dyrke høvisk kjærleik og riddarleg framferd.

Liv og gjerning endre

Rundt 1398, etter far deira døydde, voks brørne opp hos morbroren Jean Malouel, Han var den i samtida fremste målaren til det franske og det burgundiske hoffet. Herman og Johan lærte gullsmedkunst i Paris. På slutten av 1399 var dei to på tur til Nijmegen, men vart då tekne som krigsfangar i Brussel. Dei to gutane vart sett fri i mai 1400, etter at hertug Filip II av Burgund betalte løysepengar på vegner av Jean Malouel, hoffmålaren sin.

I februar 1402 fekk Paul og Johan i oppdrag av Filip til å nytte fire år på å illustrere ein bibel. Filip II døydde i 1404, før brørne hadde fullført arbeidet sitt. Seinare i 1404 byrja dei tre brørne, Herman, Paul, og Johan å arbeide for hertugen av Berry, bror til Filip. Jean av Berry var ein ekstravagant samlar av kunstverk, særleg av bøker. Deira fyrste oppdrag var å illustrere ei tidebok, no kjend som Belles Heures du Duc de Berry.

Arbeidet vart fullført i 1409, til stor glede for hertugen. Han sette dei så i gang med eit meir ambisiøst tidebok-prosjekt. Dette er Très Riches Heures du Duc de Berry, som mange reknar som høgdepunktet av bokillustrasjon i slutten av mellomalderen. Verket er truleg det mest verdfulle bokeksemplaret i verda. Ho finst i dag i Musée Condé i Chantilly i Frankrike.

Paul de Limbourg stod på ein særleg god fot med hertugen, og fekk stilling ved hoffet som personleg rådgjevar. Hertugen gav han fleire smykke og eit stort hus i Bourges.

Alle dei tre brørne og hertugen av Berry døydde i 1416, truleg i ein epidemi.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Limbourg-brørne