Letalitet (frå latin lethum død[1]), fatalitetsrate eller dødsfalltal er talet på dødsfall mellom dei som er råka av ein viss sjukdom eller tilstand. Letalitet er gjerne oppgjeve i prosent eller promille. Letaliteten ved ein sjukdom fortel om sjansen for å døy om ein først er smitta. For å vurdere kor farleg ein sjukdom er må ein òg sjå på kor ofte nokon blir smitta, insidensen.

Ein kan sjå på letaliteten som mortalitetsraten i ei pasientgruppe[2]. Omgrepet mortalitet eller mortalitetsrate blir difor ofte nytta der ein kunne ha nytta letalitet.

Kjelder endre

  1. Audun Øyri: Norsk medisinsk ordbok (Samlaget, 1988).
  2. Petter Laake, Bjørn Reino Olsen og Håkon Breien Benestad: Forskning i medisin og biofag, 2. utg. (Gyldendal Norsk Forlag, 2008).