Mortalitet (frå latin mors død), døying eller døds(fall)tal, eigentleg mortalitetsrate, er talet på dødsfall i eit visst tidsrom i ei folkegruppe. Mortalitetsraten er gjerne rekna i dødsfall pr. 1000 menneske pr. år. Folkegruppa kan vera heile folkesetnaden i eit område, eller brote ned på t.d. alder, kjønn, yrke eller anna. Mortalitetsraten kan òg reknast ut årsaksspesifikk, t.d. for trafikkulukker eller spesielle sjukdommar.

Mortalitetsraten er ein insidensrate, den seier kor ofte ei hending opptrer i eit gjeve tidsrom. Nemninga menneske pr. år er kalla risikotid. Her svarar 1000 menneske i eit år til 100 menneske i 10 år. Ein skriv difor ofte berre år. Summarisk mortalitetsrate er dødsfalltalet for alle årsaker i heile folkesetnaden. Ser ein berre på delar av folkesetnaden, er raten gruppe- eller populasjonsspesifikk. Ser ein berre på dødsfall på grunn av ein spesiell sjukdom er raten sjukdomsspesifikk. Ein snakkar òg om operasjonsmortalitet, som regel kor mange som døyr innan 30 dagar etter ein operasjon.

For tida rundt fødselen har ein eigne mål på mortalitet. Spedbarnsmortaliteten er ein kumulativ proporsjon, dvs, talet seier kor stor andel av dei levande fødde som døyr før eitårsdagen sin. Neonatal mortalitet er eit tilsvarande tal for dei som døyr før i løpet av fire veker etter fødselen. Perinatal mortalitet er den kombinerte risikoen for dødfødsel og dødsfall innan ei veke etter fødselen.

Når ein snakkar om kor mange som har fått ein sjukdom som døyr av han, blir stundom ordet mortalitet nytta. Gruppa ein reknar på er då dei som er smitta. Det er no vanlegare å nytte letalitet når ein ser på dødsfalltalet avgrensa til dei som har ein særskild (akutt) sjukdom.

To tilgrensande omgrep er insidens, talet på kor mange i gruppa som får ein sjukdom, og prevalens, kor mange som har sjukdommen.

Vanlege mål på mortalitet endre

Mål Definisjon Noreg 2007
Summarisk
mortalitetsrate
Menn: 8,6/1 000 år
Kvinner:9,2/1 000 år
Aldersspesifikk
mortalitetsrate
Menn 10-14 år: 0,15/1 000 år
Kvinner 70-74: 16,07/1 000 år
Sjukdomsspesifikk
mortalitetsrate
Hjartesjukdom menn:
4,59/1 000 år[1]
Spedbarnsmortalitet 4,0/1 000 år[2]
Neonatal mortalitet 2,8/1 000 år[3]
Perinatal mortalitet 6,4/1 000 år[4]

Noter endre

  1. Gjennomsnitt for åra 1996-2000
  2. Tal for 2001
  3. Tal for 2001
  4. Tal for 2001

Kjelder endre

  • Audun Øyri, Norsk medisinsk ordbok (Samlaget, 1988).
  • Petter Laake, Bjørn Reino Olsen og Håkon Breien Benestad, Forskning i medisin og biofag, 2. utg. (Gyldendal Norsk Forlag, 2008).
  • Jørn Olsen, Kim Overvad og Svend Juul, Kapittel 1: De epidemiologiske hyppighedsmål i Analytisk epidemiologi: En introduktion, 2. utg. (København: Munksgaard, 1998).
  • Alle tal frå Statistisk sentralbyrå