Levirat er ei samfunnsordning der ei enkje blir gift med ein bror av mannen sin etter at han døyr. Omgrepet er avleidd frå latinsk levir, som tyder 'broren til maken'. Skikken kan vera avgrensa til at slikt gjengifte berre skjer om det fyrste ekteskapet var barnlaust, for å fortsetja ætta til den avdøde, eller det kan vera ein måte for enkja og barna hennar til å halda fram å ha ein mannleg vernar på. Ein viktig funksjon til denne typen ekteskap var truleg å hindra at eigedom forlet familien om enkja gifta seg opp att.[1]

Levirat har blitt utøvd i samfunn med sterke klanstrukturar der eksogamiske ekteskap, det vil seia å gifta seg utanfor klanen, var forbodne. Levirat har funne stad eller finst stadig blant jødar, punjabiar, jatar, hunarar, mongolar, tibetanarar, nufolk og zuluar.[2]

Hjå israelittane fastslo moselova (1 Mos. 38:8; 5 Mos. 25:5-10) at slike ekteskap var påbodne for broren til ein barnlaus, avdød mann med enkja hans. Ein son fødd i dette ekteskapet skulle kallast opp etter den avlidne mannen. Om svogeren nekta å gifta seg med enkja blei han gjeven ei fornærming som blir nærare skildra i Bibelen, jamfør Matt. 22:24; Rut 4:7-12. Denne skikken, kalla yibbum, blir no praktisert av svært få jødar, og er forboden i Israel. I staden er halizah, eit symbolsk rituale der ein nektar å inngå ekteskapet, blitt meir utbreidd.

Bibelsoga om Tamar og Onan handlar om eit levirat-ekteskap. Onan blir straffa for å ikkje fullbyrda pliktene sine ved å gjera Tamar svanger med barn som ville tilhøyra den avdøde broren hans.[3]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Bra Böckers lexikon, band 14, tredje upplagan
  2. «levirat». Store norske leksikon (på norsk). 23. januar 2023. 
  3. «Onan». Store norske leksikon (på norsk). 24. januar 2023. 

  Denne artikkelen inneheld utdrag frå Nordisk familjebok, eit svensk leksikon gjeve ut mellom 1904 og 1926 som i dag er offentleg eigedom.