Li Xiaoshuang
Li Xiaoshuang (fødd 1. november 1973) er ein kinesisk tidlegare turnar frå Xiantao. Han vart verdsmeister i 1995 og olympisk meister i 1996. Li vann også OL-gull i frittståande i 1992 og VM-gull i lagkamp i 1994 og 1995.
Li Xiaoshuang | |
Statsborgarskap | Folkerepublikken Kina |
Fødd | 1. november 1973 (51 år) Xiantao |
Idrett | turn |
Tok del i | Asialekene 1994, Asialekene 1990, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992 |
Aktiv
endreLi var med på det kinesiske turnlandslaget frå 1991 til 1996. Under Sommar-OL 1992 i Barcelona gjekk han til topps i frittståande, dessutan fekk han sølv i lagtevlinga og bronse i ringar. To år seinare var han med i det kinesiske mannskapet som i Dortmund tok VM-gull i lagkampen. I turn-VM 1995 i japanske Sabae sigra Li i så vel mangekamp som i lagkamp. Under dei olympiske sommarleikane 1996 i Atlanta var han på ny bestemann i mangekampen. Han fekk eit nytt OL-sølv i lagkampen, tok også sølv i frittståande.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Li Xiaoshuang» frå Wikipedia på engelsk, den 18. oktober 2021.
- «Li Xiaoshuang» (på engelsk). Olympedia. Henta 7. mars 2023.