Krigen i Libanon i 2006

(Omdirigert frå Libanonkrigen i 2006)

Krigen i Libanon i 2006 var ein krig mellom Israel og den libanesiske sjiamuslimske gruppa Hizbollah. Krigen varte frå 12. juli til 14. august. Krigen byrja etter vedvarande åtak av Hizbollah på israelsk busetjing, og etter eit åtak på israelske soldatar på israelsk territorium 12. juli.[1][2]

Krigen i Libanon i 2006

Tyr i Libanon etter eit åtak av Det israelske luftforsvaret
Stad Libanon, Nord-Israel
Resultat Ingen sigrande part

I Libanon vart kring 1 200 drepne og 4 400 såra, av desse var 270 Hizbollah-krigarar, 50 soldatar frå det libanesiske forsvaret og personell frå det libanesiske politiet. Fem var frå fredsvernande styrkar i SN-regi. 974 000 libanesarar rømde heimane sine. På israelsk side vart 158 drepne, av desse 43 sivile av rakettåtak utførte av Hizbollah. 450 soldatar vart såra i striden i Libanon. 300 000 israelarar rømde heimane sine i Nord-Israel.[3]

Kjelder

endre
  1. «2006 Lebanon War». Encyclopedia Britannica. 8. januar 2024. Henta 13. januar 2024. 
  2. «Hizbollah» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 13. januar 2024.
  3. «FACTBOX-Costs of war and recovery in Lebanon and Israel». Reuters. 9. august 2007. Henta 13. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Krigen i Libanon i 2006
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.