Libertyskip var stykkgodsskip som vart masseprodusert i USA under andre verdskrigen. Dei var rimelege og tok kort tid å byggja (rekorden var fem dagar[1]), og vart eit symbol på den industrielle kapasiteten til USA. Skipa var basert på ein skipstype bestilt av Storbritannia for å erstatta krigsforlis, og vart produserte i store mengder. Seksten amerikanske skipsverft bygde 2 751 libertyskip mellom 1941 og 1945 – den største mengda serieproduserte handelsfartøy nokosinne.[treng kjelde]

Libertyskipet SS «Carlos Carrillo» ved San Francisco i California

Libertyskipa vog opp for skipstapa dei allierte hadde hatt under slaget om Atlanterhavet og var viktige for den allierte krigsinnsatsen. At mange av libertyskipa var i drift lengje etter den angjevne levetida på fem år gjev òg eit vitnesbyrd om ein solid konstruksjon.[treng kjelde]

Vurderinga til norske sjømenn endre

Libertyskipa hadde ein høg innreiingsstandard som var uvant luksuriøs for norske sjømenn. Ein vart spesielt imponert over gode køyer, klimaanlegg på lugarar, talet dusjar/toalett og utrustinga av byssa. Skroget som var sveist (ein var van med klinkbygde skip) vart vurdert å vera solid.[treng kjelde] Den norske skipsføraren Odd Findal var likevel skeptisk til brua som han såg på som lite funksjonell og tildels farleg grunna dårleg utsikt.

Under andre verdskrigen fekk Noreg leiga libetyskip av USA på såkalt bareboat charter (skipa vart stilt til disposisjon utan mannskap). Nortraship overtok det første norskdisponerte libertyskipet den 29. januar 1943, det vart døypt «Leiv Eiriksson». Totalt fekk Nortraship overført disposisjonsretten over tolv libertyskip.[2] Fleire av dei vart overtekne av norske reiarlag etter krigen.[treng kjelde]

Libertyskip under Nortraship endre

  • «Leiv Eiriksson», 29. januar 1943
  • «Fridtjof Nansen», 31. januar 1943
  • «Roald Amundsen», 24. april 1943
  • «General Fleischer», XX. april 1943
  • «Ole Bull», 14. mai 1943
  • «Edvard Grieg», 31. mai 1943
  • «Christian Michelsen», 31. mai 1943 – senka september 1943
  • «Viggo Hansteen», 20. oktober 1943
  • «Sverre Helmersen», 22. april 1944 – senka april 1945
  • «Harald Torsvik», 6. november 1944
  • «Vadsø», 20. desember 1944
  • «Lektor Garbo», 7. mars 1945
  • «Carl Oftedal», 28. mars 1945

Kjelder endre

  1. «Liberty Ships built by the United States Maritime Commission in World War II», www.usmm.org, arkivert frå originalen 9. mai 2008, henta 4. januar 2021 
  2. «NorgesLexi - Norsk politisk dokumentasjon på internett!», web.archive.org, 22. august 2009, arkivert frå originalen 22. august 2009, henta 4. januar 2021 

Bakgrunnsstoff endre