Kongressbiblioteket i USA
Kongressbiblioteket[2] i USA, Library of Congress[3] er eit bibliotek i Washington D.C. Det tener som forskingsbibliotek for Kongressen i USA, og er ofte rekna som eit nasjonalbibliotek, sjølv om ein slik status ikkje er felt ned i lovverket.
Library of Congress | |||
| |||
Type | Nasjonalbibliotek | ||
---|---|---|---|
Skipa | 24. april 1800 | ||
Hovudkontor | Washington, DC | ||
Leiar | Carla Hayden | ||
Tilsette | 3 224 (2013)[1] | ||
Undergrupper | U.S. Copyright Office | ||
Nettstad | https://loc.gov/ |
Historie
endreBiblioteket blei skipa i 1800.[3] Det er den eldste føderale kulturinstitusjonen i USA.
James Madison skal ha hatt den opphavlege ideen om å skapa eit kongressbibliotekt, og kom først med eit slikt forslag i 1783.[4] Kongressbiblioteket blei så skipa under president John Adams den 24. april 1800, då den amerikanske regjeringa flytta frå Philadelphia til den nye hovudstaden Washington. Ein del av loven fordelte 5000 dollar «for the purchase of such books as may be necessary for the use of Congress ... and for fitting up a suitable apartment for containing them.»[5] Det blei bestilt bøker frå London, og ei samling av 740 bøker og tre kart blei husa i den nye United States Capitol.[6]
Kjelder
endre- ↑ Fakta om biblioteket
- ↑ «Kongressbiblioteket digitaliseres». Morgenbladet. 11. august 1995.
- ↑ 3,0 3,1 «Library Of Congress». Store norske leksikon. 9. mai 2016. Henta 5. august 2018.
- ↑ Murray, Stuart. The Library: An Illustrated History (New York, Skyhouse Publishing, 2012): 155.
- ↑ 2 Stat. 55
- ↑ «Jefferson's Legacy: A Brief History of the Library of Congress». Library of Congress. 6. mars 2006. Henta 14. januar 2008.