Simulering av fasen og librasjonen til månen.

Librasjon er ei svingande rørsle mellom to himmellekamar i omlaup, mellom anna i rørsla til månen relativt til jorda eller trojan-asteroidar kring planetar. Librasjonen gjer det mogeleg å sjå små delar av månen, som normalt er på den usynlege halvkula. Ein kan dermed sjå 59 % av måneoverflata frå jorda.[1]

Det finst tre typar librasjonar:

  • Librasjon i lengd er eit følgje av at banen til månen rundt jorda er noko eksentrisk, slik at rotasjonen til månen nokon gonger ligg føre og nokon gonger etter posisjonen til månen i banen.
  • Librasjon i breidde er eit følgje av at rotasjonsaksen til månen heller litt i høve til normalen til baneplanet til månen. Opphavet til denne librasjonen svarar til måten årstidene oppstår på som følgje av rørsla til jorda rundt sola.
  • Parallaktisk librasjon er ein liten dagleg oscillasjon som kjem av rotasjonen til jorda, som flyttar ein observatør først frå den eine sidan og så til den andre sida av den rette linja gjennom sentrum i jorda og månen. Denne librasjonen tillèt ein observatør å sjå månen frå to ulike vinklar. Dette er fordi observatøren er på overflata til jorda, ikkje i sentrum.

KjelderEndra

  1. Spudis, Paul D. (2004). «Moon». World Book at NASA. http://www.nasa.gov/worldbook/moon_worldbook.html. Henta 22. juni 2016.