Life, Love & Hope

Life, Love & Hope
Studioalbum av Boston
Språk engelsk
Utgjeve 3. desember 2013
Innspelt 2003–2013
Sjanger Hardrock
Lengd 42:52
Selskap Frontiers Records
Produsent Tom Scholz
Boston-kronologi 
Corporate America
(2002)
Life, Love & Hope


Life, Love & Hope er det sjette og så langt siste studioalbumet til det amerikanske rockebandet Boston. Det kom ut 3. desember 2013 på Frontiers Records, og var det første studioalbumet deira på 11 år.[1][2] Det er det første albumet deira etter Brad Delp døydde i 2007. Delp syng på songane «Didn't Mean to Fall in Love», «Sail Away», «Someone» og «Te Quiero Mia».

Bakgrunn

endre

Life, Love & Hope er ein oppfølgjar til Corporate America frå 2002. Tom Scholz produserte Life, Love & Hope og skreiv alle songane. Kimberley Dahme song på fleire av songane, i tillegg til nye vokalistar som David Victor, Louis St. August, Tommy DeCarlo og Jude Nejmanowski. Det er òg det første Boston-albumet med Tom Scholz på solovokal («Love Got Away»).[3]

Mottaking

endre
Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic47/100[4]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [5]
Classic Rock          [6]

Då albumet kom ut fekk det blanda kritikk. Det har 47 av 100 på Metacritic.[4] Albumet nådde 37. plassen på Billboard 200 den første veka for eit sal på 16 321 eksemplar. Det forsvann ut av lista etter tre veker. Det låg òg tre veker inne på Rock Album Sales-lista, der det nådde femteplassen, og det nådde andreplassen på Billboard Independent Albums Chart.

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av Tom Scholz, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Heaven on Earth» (Alle instrument, harmoni & korvokal: Tom Scholz)David Victor with Louis St. August[3]3:37
2.«Didn't Mean to Fall in Love» (ommastra utgåve frå Corporate America - skriven av Scholz, Curly Smith, Janet Minto[3])Brad Delp5:13
3.«Last Day of School» (Instrumental framført av Tom Scholz.[3]) 2:02
4.«Sail Away»Delp, Kimberley Dahme3:42
5.«Life Love and Hope»Tommy DeCarlo3:57
6.«If You Were in Love»Dahme4:10
7.«Someday»DeCarlo og Scholz med Jude Nejmanowski[3]3:44
8.«Love Got Away» (Alle instrument: Tom Scholz; harmonivokal: Tom Scholz, Gary Pihl[3])Tom Scholz4:28
9.«Someone (2.0)» (Omarrangert og nyinnspelt)Delp4:00
10.«You Gave Up on Love (2.0)» (Omarrangert og nyinnspelt / Fløyte: Dahme / Harmonivokal: Beth Cohen[3])Dahme, DeCarlo, Scholz4:05
11.«Te Quiero Mia» (Bonusspor på Best Buy & LP)Delp3:38
12.«The Way You Look Tonight»DeCarlo3:52
13.«O Canada» (Bonusspor på LP) 1:28
Total lengd:47:54

Medverkande

endre
  • Tom Scholz - gitar, bassgitar, klaverinstrument, trommer, vokal
  • Brad Delp - vokal
  • Gary Pihl - vokal, gitar
  • Kimberley Dahme - bassgitar, vokal, fløyte
  • Tommy DeCarlo - vokal
  • Curly Smith - munnspel
  • David Victor - vokal
  • Louis St. August - vokal
  • Jeff Neal - vokal
  • Jude Nejmanowski - vokal
  • Beth Cohen - vokal[3]

Kjelder

endre
  1. Dukes, Billy. «Boston to Release First Album in 11 Years». Ultimate Classic Rock. Henta 16. mai 2020. 
  2. «Life, Love & Hope: Music». Amazon.com. Henta 16. mai 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 «Life, Love & Hope» Compact Disk Jacket (Standard Edition / FR CD 630)
  4. 4,0 4,1 «Life, Love and Hope Reviews». Metacritic.com. Henta 16. mai 2020. 
  5. Sendra, Tim. «Life Love and Hope - Boston». AllMusic. Henta 16. mai 2020. 
  6. Barton, Geoff (January 2014). «Boston - Live, Love & Hope». Classic Rock (192): 113.