«Like an Animal»
Song av Piqued Jacks

Land Italia, San Marino
Språk Engelsk
Utgjeve 5. april 2023
Sjanger Poprock
Lengd 03:02
Låtskrivar(ar) Andrea Lazzeretti, Francesco Bini, Marco Sgaramella, Tommaso Oliveri

«Like an Animal» (norsk omsetjing ‘som eit dyr’) er ein song frå 2023 med det italienske rockebandet Piqued Jacks. I februar 2023 vann låten den sanmarinske songtevlinga Una Voce per San Marino 2023 og var det sanmarinske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Om songen endre

«Like an Animal» er skriven av bandet sjølv og var blant deltakarane i den sanmarinske songtevlinga Una Voce per San Marino 2023, i regi av den sanmarinske ålmennkringkastaren San Marino RTV.[1]

«Like an Animal» vann finalen 26. februar 2023 og blei det sanmarinske bidraget i Eurovision Song Contest 2023.[2][3] Låten blei sloppen for strøyming på YouTube 22. februar, men blei offisielt gjeven ut som singel 5. april 2023.

San Marino deltok i den andre semifinalen torsdag 11. mai i Liverpool. Der enda «Like an Animal» på delt sisteplass med null poeng og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 13. mai.[4][5]

Kjelder endre

  1. «PiquedJacks». eurovision.tv (på engelsk). Henta 27. mars 2023. 
  2. Vautrey, Jonathan (26. februar 2023). «PiquedJacks win Una Voce per San Marino 2023 with “Like An Animal”». wiwibloggs (på engelsk). Henta 27. mars 2023. 
  3. «SanMarino select Piqued Jacks for Liverpool 2023». eurovision.tv (på engelsk). 26. februar 2023. Henta 27. mars 2023. 
  4. «Eurovision2023: Allocation Draw results». eurovision.tv (på engelsk). 31. januar 2023. Henta 22. mars 2023. 
  5. «SecondSemi-Final of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023.