Formlik

(Omdirigert frå Likedanna)

Formlik, likedanna eller einsforma er eit omgrep nytta i geometri. To figurar F og Fʹ i planet eller i rommet vert sagt å vere formlike om dei kan bringast i ei slik gjensidig stilling at det ver danna eit punkt (sentrum) C slik at det til kvart punkt P i F svarar eit punkt Pʹ i Fʹ som ligg på den rette linja PC, og slik at forholdet

Former med same farge er formlike.

er konstant. Talet f vert kalla forholdstalet eller det lineære forholdet mellom to formlike figurar. Ein kan òg oppfatte F som ein storleik eller minking av Fʹ. Talet vert då gjerne kalla forstørringa eller målestokken. Forholdet mellom tilsvarande lengder på formlike figurar er f, mellom tilsvarande flater f2, og mellom tilsvarande volum f3. To trekantar er formlike dersom dei har same vinklar.

Kjelder endre