Ei likviditetsfelle er eit spesialtilfelle som blir skildra i keynesiansk økonomi. I ei likviditetsfelle gjev ikkje tilførsel av pengar frå sentralbanken til det private banksystemet lågare renter. Ei likviditetsfelle er forårsaka av at folk hamstrar pengar av di dei ventar ei negativ hending, som til dømes deflasjon, fallande etterspurnad eller krig. I ei likviditetsfelle er dei korte rentene låge og ei endring i basispengemengda fører ikkje til endringar i det generelle prisnivået.

Likviditetsfelle visualisert i eit IS-LM diagram. Ekspansiv pengepolitikk (skiftet frå LM til LM') har korkje effekt på likevektsrenta eller samla produksjon. Budsjettpolitisk stimulans (skiftet frå IS til IS") fører til høgare samla produksjon utan noka endring i rentenivået. Sidan rentenivået er uendra fortrenger ein ikkje produksjonen i privat sektor.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre