Lilandsfjorden
67°52′04″N 15°04′58″E / 67.86778°N 15.08278°E Lilandsfjorden er ein fjordarm av Skotsfjorden i Steigen kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 3,5 km austover til Mølnpollen i botn av fjorden innanfor garden Liland, som har gjeve namn til fjorden.
Fjorden har innløp mellom Underås i nord og Keipneset i sør. Sør for Liland går Sagpollen ein liten kilometer sørover.